For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

GUDSTENESTEORDNING: Eg trur det er ei uheldig utvikling at vi ikkje har ein felles gudstenesteordning i landet vårt, skriv Johnny Roy Knudsen.

Ordning for hovudgudstenesta, litt frustrasjon

Publisert Sist oppdatert

For ein del år attende hadde kyrkjene i Noreg ei felles gudstenesteordning. Same kor ein gjekk til gudsteneste rundt om i landet, så kjende ein seg stort sett igjen og ein kunne delta med glede.

Dei viktige ledda for eksempel som kyrie og glorie hadde lik musikalsk framtoning, kunne variera litt ut frå tida ein var i kyrkjeåret. Svaret som kyrkjelyden gav på dei ulike delane i kyrkjebøna var også felles: Herre, høyr vår bøn.

I seinare år er det kommen ein ide om at dei ulike kyrkjelydane kan i langt større grad velja ulike alternativ spesielt på det musikalske område, men også val av for eksempel bøner. Går ein til gudsteneste utanfor sitt eige sokn, kan ein oppleva heilt andre tonar. Resultatet er at ein kjenner seg nok så framand og utanfor. Innanfor eit og same prosti kan det også vera nok så store variasjonar.

Powered by Labrador CMS