Debatt

DIKTATUR: Daniel Ortega og kona hans, visepresident Rosario Murillo, har gjort Nicaragua om til eit diktatur.

Ortegas brutale kamp mot kyrkja

Publisert Sist oppdatert

Det kostar å kritisera ein diktator som skaffa seg makt som frigjeringshelt.

Når den ein gong så hylla nicaraguanske frigjeringshelten Daniel Ortega no prøver å knusa kritikken også frå den katolske kyrkja, bør dei gamle norske venene hans ropa ut sin protest.

Diverre handlar Nicaraguas nyare historie om frigjeringshelten som blei tyrann. Det er ikkje eit nytt fenomen under sola.

Daniel Ortega og kona hans, visepresident Rosario Murillo, har gjort Nicaragua om til eit diktatur. Store folkelege demonstrasjonar i 2018 vart møtte med brutal makt. Men no var ikkje Ortega folkets mann, men maktas forsvarar. Angrepa hans på sivilsamfunnet er seinare berre blitt trappa opp.


Sist ut i møte med Ortega-diktaturets jernneve, er den katolske kyrkja. Ortega skulda dei katolske leiarane for å prøva å styrta han då dei fungerte som meklarar med protestgrupper under uroa som kravde 300 menneskeliv. Sidan den gongen har Ortega-regjeringa utvist katolske nonner, stengt katolske radio- og TV-stasjonar og vilkårleg arrestert prestar og lekfolk.

Kampen mot kyrkja blei trappa kraftig opp i august i fjor. Regimet arresterte ei rad prestar og andre leiarar. Den modige biskopen Rolando Álvarez blei sett i husarrest etter ein brutal aksjon av tryggingspolitiet mot bispesenteret. Dei siste frie stemmene skulle stilna, med brutal makt.

No kjem rettssakene og dommane. Fem katolske prestar, to prestestudentar og ein kyrkjeleg fotograf er i to saker funne skuldige i «konspirasjon mot staten» og «spreiing av falske nyhende» som, ifølgje dommarane til Ortega, skadar staten. Dei kritiske prestane, studentane og kameramannen har fått ti års fengsel. Sju av dei dømde har vore fengsla i «Direktoratet for juridisk bistand», betre kjent som El Chipote. Nicaraguanske menneskerettsaktivistar har karakterisert dette som «eit tortursenter».

Den 10. januar beordra dessutan dommar Maria Gloria Saavedra Corrales den modige og tydelege biskop Álvarez stilt for retten. Etter det vi veit skal rettssaka starta i slutten av mars.

Han har sete i husarrest heilt sidan 19. august i fjor. Også han er tiltalt for «konspirasjon» og «spreiing av falsk informasjon». Ein prest som klarte å flykta og koma seg i eksil då regimet slo til i august i fjor, fortel at biskopen oppretta eit hemmeleg menneskerettskontor for å møta forfølginga til diktator Ortega.

Biskopen er den siste framståande kritikaren av diktaturet til ekteparet Ortega og Murillo. Biskopen har, sikkert etter inspirasjon frå andre modige latin-amerikanske kyrkjeleiarar, stått modig fram mot diktaturet. No skal munnen hans lukkast i ei fengselscelle. Det kan vi ikkje lata skje.

Nicaraguas senter for menneskerettar skriv på Twitter at dei fordømmer «desse perverse handlingane til regimet som bryt menneskerettane». Dei krev mennene sette fri straks. Men her heime er det oppsiktsvekkjande stille.

Verdssamfunnet og norske styresmakter må seia tydeleg frå at overgrepa mot folket, sivilsamfunnet og kyrkja er heilt uakseptable.

Verdssamfunnet og norske styresmakter må seia tydeleg frå at overgrepa mot folket, sivilsamfunnet og kyrkja er heilt uakseptable. Ortega-diktaturet har også forbrote seg på det grovaste mot trusfridommen i landet.

Daniel Ortegas gamle vener frå tida da han blei hylla som frigjeringshelt, må no tydeleg seia ifrå at alle politiske fangar må bli sette fri og at diktaturet må ta slutt. Dei må ropa ut protesten mot dei absurde og strenge dommane mot lekfolk og prestar i den katolske kyrkja. Og dei må forsvara biskop Álvarez.

Powered by Labrador CMS