For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

KRIG: Norske instruktørar frå Heimevernet og Hæren trener opp ukrainske soldatar i Storbritannia til krigen i Ukraina.

Over natta vart Noregs våpen- og krigspolitikk radikalt endra

Publisert

Vi lever i ei underleg og turbulent tid her i Vesten. Mykje skjer på kort tid både av godt og vondt. På det moralske planet, særleg det som gjeld kjønn og samliv, er det meste i full oppløysing. Gale vert gjort til rett. Fast biologi vert erstatta av flytande kjensler. Naturen får ikkje sin rett. Fornufta synest å ha gått tapt.

På eitt område synest det samstundes å skje ei realitetsorientering. Det gjeld spørsmålet om krig, og kva våpen skal tena til. Ein gong før her i landet har det skjedd ei tilsvarande realitetsorientering, men då var det for seint. Det var i 1940, men då var den tyske okkupasjonsmakta alt i landet. Det var «det brukne våpens politikk» som hadde vorte ført, med ei naiv oppfatning om at det ikkje ville verta meir krig i Europa.

Då ein stormannsgal mann kom til makta i Tyskland, låg vegen open inn i landet vårt. Nokre tok kampen opp, men det var andre som i realiteten måtte nedkjempa Nazi-Tyskland, og med det frigjera Noreg.

Powered by Labrador CMS