Debatt

KRISTNE I MIDTAUSTEN: Stefanusalliansen støttar partnarar, som biskop Thomas (biletet), som brukar all si tid på å skapa ei framtid for unge koptiske kristne, skriv Johannes Morken.

Overlever kristendommen der den oppstod?

Dei historiske kyrkjene i fleire land i Midtausten er kraftig svekkja. Er det håp for kristendommen der den oppstod?

Publisert Sist oppdatert

Kristne er på 20 år blitt redusert til ein ørliten minoritet i Irak. Før 2003 var det 1,3 millionar kristne i Irak. Dei utgjorde vel 5 prosent av eit folketal på 24 millionar. I dag er det berre kring 200.000 kristne igjen, av 44 millionar – mindre enn 0,5 prosent av folket.

Diktatoren Saddam Hussein hadde enkelte kristne i regjeringa. Men også i hans tid vart islamiseringa av Irak forsterka på 80- og 90-talet. Moskear som vart bygde med pengar frå Saudi-Arabia og andre land i Golfen, spreidde alt den gongen radikale islamske idear som sette også kristne under hardare press.

Terror og folkemord

Så kom den amerikanske invasjonen i 2003. Svært mange kristne flykta frå blodige militsangrep og drap og frå borgarkrigen som følgde. Mange andre flykta nordover i Irak. Ut av kaoset vaks så IS.

I juni 2014 kom IS til den nordlege storbyen Mosul. Eit IS-ultimatum tømde byen for kristne – det var framleis innpå 40.000 av dei. Berre nokre titals er i dag tilbake. Kyrkjene, unnateke ei, ligg i ruinar. Det finst ikkje pengar til å byggja opp att dei aller fleste kyrkjene, og ingen kristne som kan bruka dei. I desse dagar er det ti år sidan jula siste gongen blei ringt inn i dei mange kyrkjene i Mosul.

I dag bur det kristne i berre sju av Iraks 18 provinsar, og det er aktive kristne samfunn i berre tre – i den sjølvstyrte kurdiske provinsen i nord og på den tilgrensande Ninive-sletta.

Det er illevarslande at til dømes Noreg har slutta å støtta hjelpearbeid i Irak for kristne og andre som overlevde IS-terroren. Skal verkeleg sårbare offer for invasjon og seinare IS overlatast til seg sjølve? Stefanusalliansens partnar Capni er blant dei som gjer alt dei kan for å sikra ei framtid for kristne i Irak.

I nabolandet Tyrkia førte folkemordet frå 1915 til at dei store kristne folkegruppene – armenarar, assyriske kristne og greske kristne – vart redusert til ein ørliten minoritet. Vi i Stefanusalliansen stør arbeidet for å sikra dei eldgamle røtene søraust i Tyrkia, i Tur Abdin der liturgien er den same som for 2000 år sidan.

Gamle røter, sterkt press

I Syria er talet på kristne på 20 år halvert. Det ein gong sterke kristne samfunnet i Libanon vert sterkt svekkja av utvandring.

Også den største kristne minoriteten i Midtausten, den koptiske i Egypt, er under press, også frå utvandring. Egyptiske kristne reknar si historie tilbake til at Maria, Josef og Jesusbarnet flykta til Egypt for å unngå dei massive drapa på gutebarn under kong Herodes.

Vi i Stefanusalliansen støttar partnarar, som biskop Thomas, som brukar all si tid på å skapa ei framtid for unge koptiske kristne – som på undervisningsstaden og retreatsenteret Anafora, nord for Kairo.

Mange muslimar er blitt ateistar, dei orkar ikkje meir terror i Allahs namn.

I Gaza har det også vore kristne i 2000 år. I Det nye testamente les vi at apostelen Filip var på veg til Gaza då han let ein egyptisk hoffmann sitja på.

Etter at islamistiske Hamas tok makta i 2007 og Israel og Egypt innførte blokade, er to tredjedelar blitt borte. Den tragiske krigen kan føra til at Gaza blir tømt for kristne for godt. Den vesle minoriteten kristne i Aust-Jerusalem, Betlehem og resten av Vestbreidda blir mindre og mindre under det massive trykket frå konflikten mellom Israel og dei palestinske naboane.
Det vil vera tragisk om området der kristendomen oppstod, endar som eit museum over 2000 års kristen historie.

Vender islam ryggen

På den andre sida: I land som Tyrkia og Irak gror det fram protestantiske kyrkjer av folk som har gått over frå islam. Aller sterkast er fenomenet i Libanon som har teke imot langt over ein million flyktningar frå terror og krig i Syria og Irak. Mange muslimar er blitt ateistar, dei orkar ikkje meir terror i Allahs namn. Men i Libanon opplever mange kyrkjer stor pågang av menneske som søkjer både hjelp og ein annan himmel over sine liv enn religiøst grunngitt vald. Ikkje få har late seg døypa.

Også på Den arabiske halvøya – islams heimland – kjem menneske med muslimsk bakgrunn til tru. Det skjer jamvel i Saudi-Arabia. Men her skjer det framleis i løyndom. Vi i Stefanusalliansen har nettverk blant desse.

Den arabiske halvøy kan skriva si kristne historie også tilbake til dei første tiåra etter Jesu fødsel, Paulus sitt første reisemål etter omvendinga på vegen til Damaskus var Arabia (Gal 1,17). Nye arkeologiske funn – som Emiratane viser fram – kastar lys over den kristne historia før islam. Funna viser at det var kristne der i fleire tiår etter Muhammed.

Kyrkjer i islams heimland

Den arabiske halvøy er også arena for ei anna viktig utvikling: Tiåra med gigant-import av gjestearbeidarar frå Asia har gitt Emiratane, Qatar og naboland minst fire millionar kristne. Det er bygd kyrkjer i alle land unnateke Saudi-Arabia. Mange kyrkjer tek imot lutfattige som arbeider under harde kår. Det skjer dessutan eit aktivt arbeid for å spreia biblar i islams heimland.

Inn mot jul heng krigens og terrorens mørke over Det heilage landet. Det kristne fotfestet i Midtausten er mange stader under beinhardt press. Det må vestlege kyrkjer og styresmakter ta hardt innover seg. Men på uventa måtar gror det opp nye kristne samfunn.

Powered by Labrador CMS