Debatt

«Det ville blitt ramaskrik i mediehus kysten rundt dersom momsfritak og mediestøtte vart foreslått erstatta med auka lesarbetaling og meir friviljug innsats», skriv Johannes Morken.

På trusfridommen laus

Saka om kulturstøtte i Klepp er eit godt døme på at trusfridommen ikkje heng like høgt som menneskerett som før.

Publisert Sist oppdatert

I Hurdalsplattforma har regjeringa stilt som krav for støtte at trussamfunn har minst 40 prosent kvinner i administrative organ. For mange høyrest det sjølvsagt ut – at likestilling må gå framom fridom for trussamfunn. Statsråd Kjersti Toppe har opna for unnatak.

Men når kan statsmakta gripa inn med økonomisk straff? Tore Lindholm som er ein av dei fremste ekspertane på feltet, meiner Hurdalsplattforma her kan vera i strid med menneskerettane og Grunnlova.

Til Vårt Land seier Lindholm at det er ein uting når staten i byte mot å betala for trus- og livssynssamfunn, «forventar at de skal være noe i retning av gode sosialdemokrater i holdning».

Det er dessutan ei misforståing at offentlege midlar til trussamfunn er eit vanleg statstilskot. Støtten er forankra i paragraf 16 i Grunnlova. Tilsvarande midlar som Den norske kyrkja får, skal gå til andre trussamfunn etter medlemstal. Dei som ikkje er med i Den norske kyrkja, får tilbakeført midlar til trussamfunna sine.

I Stefanusalliansen følgjer vi den internasjonale utviklinga for trusfridommen med stigande uro. Mange regime strammar inn for minoritetar og samfunn dei ikkje har kontroll på. Gledeleg nok vil også Støre-regjeringa arbeida for trusfridom og religiøse minoritetar internasjonalt. Men då er det viktig å vera ryddig også på heimebane.

På venstresida er Snorre Valen ei einsleg stemme i debatten om Hurdalsplattforma. Den tidlegare stortingsrepresentanten for SV er redaktør for Trønderdebatt. Han poengterer at det ikkje er noko menneskerett å få statsstøtte til å utøva trua si. Men Valen legg til:

«På den annen side er trosfriheten en helt essensiell menneskerett. Å stille politiske krav til trossamfunn som kan føre til at de de facto forskjellsbehandles, åpner for en prinsipiell hengemyr, uansett de gode hensiktene bak kravene. For om vi kan stille slike krav, har vi vel også åpnet døren for annen inngripen i trossamfunnenes indre liv?»

Det er gode døme på dette siste, som i saka om vilkåra for kulturstøtte i Klepp kommune i Rogaland der konservative kristne no er utestengde frå støtteordninga.

I Vårt Land forsvarar professor Dag Øistein Endsjø Klepp-vedtaket. Han seier at det er ingen menneskerett å få offentleg støtte.

Det har han heilt rett i. Det er ingen menneskerett å få pengar til å utøva trusfridom. Men staten brukar store midlar til mange aktørar som sikrar viktige verdiar og som ville klart seg langt dårlegare utan.

Det er heller ingen menneskerett for mediehus å få statsstøtte. Men det ville blitt ramaskrik i mediehus kysten rundt dersom momsfritak og mediestøtte vart foreslått erstatta med auka lesarbetaling og meir friviljug innsats.

Vi ville med rette fått høyra at demokrati og ytringsfridom stod i fare. For demokratiet si skuld er støtteordningane for politiske parti rause, same kva som skjer «bak stengte dører».

Det har avgjort skjedd uheldige praksisar i trussamfunn. Makta skal gripa inn ved lovbrot same kvar dei skjer. Men skal grensa for bruk av «økonomisk straff» gå andre stader i høve trussamfunn enn for andre som tek imot statleg støtte?

Konvensjonen om sivile og politiske rettar opnar for at utøving av tru kan avgrensast. Men lista ligg svært høgt, som Tore Lindholm påpeikar.

Staten kan berre gripa inn for å verna den «offentlige sikkerhet, orden, helse eller moral, eller andres grunnleggende rettigheter og friheter». Og inngrep må vera heimla i lov.

Vi har hatt ei gledeleg utvikling med auka likebehandling trussamfunn. Men vi skal ikkje langt tilbake i historia for å finna at staten misbrukte makt i møte med minoritetar. Staten er enno ikkje ferdig med å rydda i denne arven.

Historia kallar til ettertanke når det i dag er aukande iver etter å bruka den moderne statens makt- og straffemiddel.

For ei kyrkje og for alle trussamfunn er det gode grunnar for å diskutera om pengar skaper uheldige bindingar.

Men dersom trussamfunn skulle ønskja seg fri frå statlege kroner fordi makta blir klammare, vil det vera eit nederlag for staten. Den vil gå på akkord med eigne verdiar – med kontroll og styring framfor fridom, og med det stå i fare for å svekkja si eiga stemme utanlands.

Pandemien har gjort inngrep også i trusfridomen legitimt.

Men det er all grunn til å kritisera at regjeringa også i denne runden med innstramming har prioritert kommersielle interesser, som varehandel.

I julehøgtida har kyrkjene måtta leva med langt strammare reglar for deltakartal. Advokatfirmaet Wiersholm kom nyss med ein kritisk rapport om inngrepa i trusfridomen i nedstenginga for eitt år sidan.

Igjen må vi spørja: Er regjeringa seg bevisst at ein internasjonalt anerkjent menneskerett vert plassert i skuggen av kommersielle interesser når samfunnet strammar til i møte med pandemien?

Powered by Labrador CMS