For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

AVHENGIGHET: Skal vi no løfte blikket litt og kike på dei pårørande sin situasjon, spør innsendarane.

Pårørandeprisen – kan han endrast?

Publisert

Når ein snakkar om rusrelaterte kostnader, så gløymer ein ofte prisen dei pårørande må betale. Ein snakkar gjerne om samfunnet sine kostnader, den einskilde sine kostnader og helsevesenet sine utgifter til skader og sjukdomar som kjem på grunn av rusbruk. Skal vi no løfte blikket litt og kike på dei pårørande sin situasjon?

Ein rapport som Oslo Economics laga på vegner av Actis, alkovettorganisasjonen Av-og-til og Blå Kors inkluderer for første gong også kostnadene for pårørande i «rusrekneskapen» sin. Rapporten frå 2022 estimerer at mellom 9,2 milliardar og 17,2 milliardar av kostnadene knytt til tapt helse og livskvalitet kan skuldast pårørande åleine.

Til samanlikning kan ein ta med at dei norske drikkevanane kostar staten mellom 80 og 100 milliardar i året. Dette beløpet fordeler seg på tapt helse og livskvalitet, sjukefråvær og redusert produktivitet, i tillegg til ressursbruk i helse- og omsorgstenesta. Tala viser at det er langt billigare å førebyggje gjennom ein ansvarleg alkoholpolitikk enn å betale prisen for eit høgt alkoholkonsum i ettertid.

Powered by Labrador CMS