Debatt

TERROR: Kristne i terrorramma landsbyar i Nigeria kjenner seg svikne av folk med makt: Medan dei førebudde den store festen juledag i fjor, vart kring 200 drepne, skriv Johannes Morken.

Påskefest i terrorfrykt

Kristne fleire land møter påsketid i frykt for nye valdsangrep. Står den ferske norske frihandelsavtalen med India i vegen for tydeleg norsk tale mot forfølging og vald?

Publisert Sist oppdatert

Kristne i terrorramma landsbyar i Nigeria kjenner seg svikne av folk med makt: Medan dei førebudde den store festen juledag i fjor, vart kring 200 drepne i blodig, samordna terrorangrep, og mange blei fordriven.

Folk som mista absolutt alt medan dei gledde seg til jul, prøver framleis å koma til hektene igjen. Dette var dei siste av ei lang rad av angrep i delstaten Plateau. Veltrena terroristar med grovkalibra våpen skaut og drap. Verjelause samfunn blei overmanna. Avlingar blei stolne eller øydelagde.

Alt av verdiar, inkludert buskap, vart køyrt vekk på lastebilar før landsbyar blei sette i brann. Folk flykta for livet. Dette er bevisste og systematiske angrep for å stela jord som dei som bur der har hatt i generasjonar. Dei som kom seg unna terroren, har tak over hovudet i skular og kyrkjer.

Veltrena milits

Bak terrorangrepa stod ein veltrena milits. Svært mange av gjetarfolket fulani lever fredeleg saman med naboane sine. Men ein milits med moderne våpen og dødelege ambisjonar herjar. Militsen fordriv folk, øydelegg avlingar og sender kveget inn for å beita. Ei mengd lokalsamfunn er gjennom åra er blitt overtekne med vald og gitt nye namn.

Dei som overlevde terroren i jula, anar ikkje kvar og når neste angrep kjem. Styresmaktene har svikta.

Påskedag er svært viktig. Folk går i kyrkjer. Dei kjem i finkleda, dei kjøper inn og lagar god mat. Påskedag er som ei ny julefeiring. Men i år har folk ingenting. Dei fordriven lever frå hand til munn, seier radio- og TV-journalist Alfred Mangai Adams i eit videointervju. Han har familie i dei terrorramma områda.

Eg spør om folk ser håp. Han svarar: «Folk ønskjer å vera trygge på at dei kan leggja seg til å sova, stå opp neste dag og vera i live. No lever dei i frykt og opplever seg gløymde av dei som skulle verna dei. Dei har berre Gud til å stola på, dei ber om at han vil stilla til ansvar den som stod bak valden.»

Gløymde av alle

Forfølgde i Nigeria, ein stat som er på kanten av kollaps, kjenner seg gøymde av alle andre enn Gud. Det same gjer mange kristne i India. Dei som vil angripa kristne, brukar ofte søndagar, jul, faste og påske. Så også i år.

Landet som i fjor blei verdas mest folkerike, er lenge kalla «verdas største demokrati», med ei sekulær grunnlov som garanterer trusfridom. Men i dag er India eit demokrati berre i namnet. I praksis er landet blitt ein hindunasjon som fortrengjer muslimar og kristne.

På ti år er omfanget av trakassering og vald mot kristne i India meir enn firedobla. 2023 blei eit nytt rekordår, viser fersk rapport. Det har vore ein jamn og tragisk vekst sidan hindunasjonalisten Narendra Modi og partiet BJP kom til makta i 2014.

Angrep i fastetida

Gjennom fastetida har indiske kristne i nær sagt alle kyrkjesamfunn lang tradisjon for å ha fastemøte. Folk møtest i heimar. Dei les Guds ord, har andakt og syng. Det er tid for fornying av trua og forholdet til Gud.

Lal fortel: «Dei siste to-tre åra har vi hatt vekst i angrep på slike fastemøte, samlingar langfredag, prosesjonar palmesøndag og gudstenester påskedag. Når vi ser på tidslina for angrep dei siste to-tre åra og i tillegg veit at det i år er val i India, er eg redd for angrep mot kristne i ulike delar av landet.

Falske skuldingar

11 av 28 delstatar har lover som kriminaliserer konvertering. Det er heilt straffefritt å gå til fysisk angrep på bønesamlingar og taua folk inn til politiet med falske påstandar om ulovlege konverteringar. Lovene har ført til sterk vekst både i falske skuldingar og angrep.

«Den største suksessen til politikarar på høgrefløya, er at hatet er normalisert», seier Vijayesh Lal. No trengst det ikkje ein mobb eller ei gruppe høgreorienterte hindunasjonalistar for angrep på kristne. Vanlege hinduar kan gjera slikt. «Mange er blitt hjernevaska i synet på oss kristne. Det er berre éi linse mange ser oss gjennom: Vi blir sett på som framande som konverterer hinduar på vegner av vestlege kyrkjer», seier Vijayesh Lal. Han avviser påstanden blankt – det skjer ingen konvertering med press eller tvang.

Tause kyrkjer i vest

Sanninga er dessutan, poengterer Lal, at vestlege kyrkjer er heilt tause om forfølgde kristne i India, det smertar han at kyrkjene har gløymt dei. Lal har gitt opp trua på vestlege politikarar. Dei prioriterer ønsket om handel og frykta for Kina, seier han. Nyleg signerte Noreg ein frihandelsavtale med India.

Sidan det har vore taust lenge: Eg ber igjen Utanriksdepartementet seia tydeleg frå om at Noreg brukar tydeleg tal mot trakassering, diskriminering og vald mot kristne og andre minoritetar i India. Fridom for forfølgde må vera viktigare enn frihandel.

Powered by Labrador CMS