Debatt

TRYGGE: Dei unge har behov for at det vert sett grenser. Det skapar fridom og tryggleik for dei, skriv Hans Reite.

Pastor: Dei unge har behov for grenser – det gir fridom og tryggleik

Publisert

Kven er eg? Har livet mitt nokon verdi? Er eg verdifull? Er det nokon som verkeleg bryr seg om meg? Er min verdi i det eg gjer eller eig? Dette er spørsmål som mange unge spør seg i dag. Kan vi gi dei gode svar på desse spørsmåla?

Alle menneske har behov av å vere elska og verte sett. Eit spedbarn kan døy om det ikkje får varme og merksemd av mora. I barndommen er det mange som har følt seg forskjelsbehanmdla og avvist av foreldre. Dette har sett preg på dei for resten av livet. Dei kjempar for å finne sin identitet, og arbeider for å kunne føle seg verdsett.

I dag har vi problemet med skilsmisser der borna ofte vert offer og trur at det er deira feil at foreldra går frå kvarandre. Dei er som regel glade i begge foreldra og ynskjer at dei skal halde saman. Vi lever i ei tid med mykje oppløysing av dei gamle normer og verdiar som kan gå ut over menneska sin identitet.

Med rosa kompetanse og den nye kjønnsideologien vert det også stilt spørsmål ved borna sin identitet. Er du sikker på om du er gut eller jente, er eit av spørsmåla som borna vert stilt i barnehagane. Nokre barn kjem gråtande heim og seier at dei vil ikkje vere anna enn den dei er. Dette skapar stor usikkerheit hos borna og skulle aldri vore tillate.

Det gjeld å skape tryggleik hos dei små i ei tid då nyheitene er fylte med stoff om krig, mord og ulykker. Ikkje rart at mange får problem og at der ikkje er kapasitet til meir på psykiske institusjonar. Dessverre fører denne nye kjønnsmentaliteten til at mange unge tek liva sine.

Guds bod er gitt for at vi skal kunne leve eit trygt og lykkeleg liv.

Dei unge har behov for at det vert sett grenser. Det skapar fridom og tryggleik for dei! Den moderne mentaliteten med at ein skal kunne gjere akkurat som ein vil utan å ta ansvar, er ikkje bra. Det skal vere fridom under ansvar. Guds bod er gitt for at vi skal kunne leve eit trygt og lykkeleg liv. Herren er skapar og er god. Han er så mykje større og visare enn oss menneske.

Patriarken Moses fekk steintavlene med dei ti boda på fjellet Sinai i Saudi-Arabia for fire tusen år sidan. Om vi menneske hadde heldt desse boda ville det verte fred i verda, men det er synda i oss som gjer at vi ikkje klarar det. Vi treng å vende om og tru på Jesus Kristus.

Har vi vår identitet i våre pengar, fine hus, utdanning og rikdom? Det kan gi ei viss tilfredsstilling, men der er ting som er viktigare.

Apostelen Paulus var av den flottaste slekta i Israel, hadde den høgaste religiøse utdanning og var respektert. Etter å ha møtt Jesus og fått livet forvandla, seier han i Filipperbrevet: «Men alt dette eg såg som vinning, det reknar eg no for Kristi skuld som tap. Ja, eg reknar alt som tap mot det som er så mykje meir verdt: Å kjenna Kristus Jesus, min Herre. For hans skuld har eg tapt alt, og eg reknar det som skrap så eg kan vinna Kristus og verte funnen i han, ikkje med mi eiga rettferd, den som lova gjev, men den rettferda vi får ved trua på Kristus, rettferd frå Gud, bygd på trua.»

Dette gir identitet; at vi er elska av Gud, og det gir tryggleik for tid og æve. Dette er det aller viktigaste for meg no.

Powered by Labrador CMS