Debatt
Pastor kastet i fengsel
Kristne leiarar i Nepal er djupt urolege for framtida for kristne i Nepal etter at ein pastor er dømt til eitt års fengsel.
Høgsterett i Nepal har dømt pastor Keshav Acharya til eitt års fengsel for påstått brot på forbodet mot konvertering og for å ha «opprørt religiøse kjensler». Pastoren hadde delt ut traktatar om kristen tru. Acharya avviser blankt at han har pressa nokon til å skifta tru og erklærer seg uskuldig.
Då eg møtte Acharya og støttespelarane hans i hovudstaden Katmandu i april, var alle svært spente. Det vart lagt mykje kraft i forsvaret. «Det handlar om retten til å praktisera trua vår og forkynna evangeliet,» sa Dilli Ram Paudel, generalsekretær i Nepal Christian Society.
Nepals grunnlov frå 2015 slår fast trusfridom. Men den vernar deretter hinduismen som «religion frå uminnelege tider».
Grunnlova i Nepal forbyr konvertering. Straffelova, gjeldande frå 2018, har innført eit kategorisk forbod (paragraf 158). Paragrafen kan brukast mot ei lang rekkje legitime måtar å uttrykkja trua eller livssynet sitt på, seier fagfolk på trusfridom. Straffelova (paragraf 156) forbyr også å «opprøra religiøse kjensler» – det er ein rein blasfemiparagraf.
Historisk dom
Dommen mot Acharya er den første etter den nye straffelova. Den er eit sterkt uttrykk for den urovekkjande retninga Nepal tek: Religiøse minoritetar og individ med ei anna tru enn hinduismen, vert undertrykte, fortel våre kjelder i Nepal.
Det er veksande uro hos mange som følgjer Nepal: Trusfridomen vert broten både gjennom straffelova og utanfor, som Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) underbyggjer.
Pastor Acharya har tidlegare til saman sete nær fire månader i fengsel etter den første arrestasjonen 23. mars i 2020. Pastoren hadde bede for koronasjuke heilt i starten av pandemien.
Eit klipp av ei preike på YouTube vart, ifølgje Acharya, teke ut av samanheng og spreidd og håna i sosiale media. Så kom politiet. Acharya vart arrestert, skulda for å ha spreidd falsk informasjon om viruset. Men Acharya avviste blankt at han hadde fortalt at folk kunne unngå viruset ved å bli kristne.
Pastoren vart sett fri etter drygt to veker, berre for å bli arrestert på nytt minuttar etterpå. No vart han bura inne for å ha «opprørt religiøse kjensler» og for brot på forbodet mot konvertering. 3. juli 2020 slapp han ut mot kausjon.
I 2021 blei pastoren dømt til to års fengsel. 22. november måtte Acharya møta i eit av mange rettsmøte. Til familiens sjokk blei han sendt rett i fengsel. Familiefaren slapp først ut – mot ny, høg kausjon – julekvelden. I 2022 vart straffa sett ned til eitt års fengsel – ei straff som no er stadfesta i høgsterett.
Djupt urolege
Kyrkjeleiarar i Nepal er djupt urolege for følgjene. «Ei stor og viktig rettssak er tapt. No har vi berre Herren Gud den allmektige å stola på», seier BP Khanal, pastor og menneskerettsaktivist. Khanal samordnar kyrkjeleg innsats for pastorar i møte med politiet.
Det er aukande hindunasjonalistisk press i Nepal. Presset kjem også frå nabolandet India som har teke farlege steg i hindunasjonalistisk og autoritær retning under den noverande regjeringa til statsminister Narendra Modi.
I Nepal er den pensjonerte muslimske høgsterettsdommaren Salahuddin Siddiqui ein av dei som er djupt uroleg for påverknaden frå den ekstreme hindunasjonalismen som spelar seg ut i nabolandet. Han fortel at han fryktar vald.
15 år etter at Nepal kvitta seg med hindukongen og blei sekulær republikk er det politisk press for igjen å gjera Nepal til ein hindustat.
Sterk kyrkjevekst
Då det moderne Nepal blei grunnlagt i 1951, fanst det ikkje kristne i landet. Konvertering var straffbart. Ei demokratisk bølgje for tre tiår sidan avskaffa forbodet mot konvertering. I tiåra etterpå har det vore sterk kyrkjevekst. Offisielle tal seier at 1,8 prosent av folket på 30 millionar er kristne. Nepal Christian Society har nyleg gjennomført ei spørjeundersøking som gjev klart høgare tal – 2,8 prosent. Andre meiner det er endå fleire kristne.
Dommen mot Acharya skaper med god grunn uro hos kyrkjene i landet.
Utanriksminister Espen Barth Eide må i alle fall be ambassaden i Katmandu følgja utviklinga svært nøye. Det kan koma fleire straffesaker mot kristne og andre som ikkje er hinduar. Dette bør uroa også norske styresmakter.