Debatt
FENGSLA: Pastor i frittståande karismatisk kyrkje, Keshav Acharya, er dømt til eitt års fengsel..
Johannes Morken
Pastor kastet i fengsel
Kristne leiarar i Nepal er djupt urolege for framtida for kristne i Nepal etter at ein pastor er dømt til eitt års fengsel.
Høgsterett i Nepal har dømt pastor Keshav Acharya til eitt års fengsel for påstått brot på forbodet mot konvertering og for å ha «opprørt religiøse kjensler». Pastoren hadde delt ut traktatar om kristen tru. Acharya avviser blankt at han har pressa nokon til å skifta tru og erklærer seg uskuldig.
Då eg møtte Acharya og støttespelarane hans i hovudstaden Katmandu i april, var alle svært spente. Det vart lagt mykje kraft i forsvaret. «Det handlar om retten til å praktisera trua vår og forkynna evangeliet,» sa Dilli Ram Paudel, generalsekretær i Nepal Christian Society.
Nepals grunnlov frå 2015 slår fast trusfridom. Men den vernar deretter hinduismen som «religion frå uminnelege tider».