For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Leder

DIREKTØREN OG OLJEMILLIONANE: Ingrid Vad Nilsen meiner at det er formildande at DNK ikkje eig så mykje oljeaksjar.

Pinleg miljøposering frå Den norske kyrkja

Publisert Sist oppdatert

Den norske kyrkja har eit visst rykte for å vera ullen og utydeleg i mange spørsmål som kristne er opptekne av. I spørsmålet om vern av dei ufødde, i rettleiing knytt til sambuarskap versus ekteskap og også i andre etiske spørsmål, har kyrkja pådrege seg frustrasjon fordi ho ikkje maktar å peika ut nokon tydeleg kurs.

I eitt aktuelt politisk spørsmål har derimot Dnk markert seg med utestemme, nemleg når det gjeld klima og miljø. Her har faktisk kyrkja blitt så tydeleg at fleire har stilt spørsmål om ho vert i overkant politisk. Eitt døme er Kyrkjemøtets omdiskuterte vedtak frå 2021 om å be staten om å stansa all vidare oljeleiting.

Sist veke kunne likevel Dagen rapportera at Den norske kyrkja framleis eig oljeaksjar for fleire millionar. Kort tid etter oljeleitings-vedtaket i 2021, bestemte Dnk at dei skulle fasa ut dei delane av eigen aksjeportefølje som var knytt til petroleumsverksemd.

Powered by Labrador CMS