Debatt
POLITIKARPROSJEKT: Gro Harlem Brundtland (foto) gav oss EU og abortfrisleppet, me fekk EØS-tilknytinga og Schengen med innvandrarbølgja, skriv Jostein Sandsmark.
Ørn E. Borgen / NTB
Politikarprosjekt
Det stormar kring toppolitikarane våre. Men ein tillitsfull veljar sa det slik: «Etter mi meining har vi politikarar som stort sett er til å lite på (...) Dei gjer til tider feil som resten av oss, men eg har den tru at dei vil det beste for folk og land.» Ja, var det så vel, men lite tyder på det. Altfor mange saker og tilhøve, iverksetjingar, tiltak har negativ effekt for folk og land, men kan vera til beste for dei sjølve. Eigeninteressa er synleg og går føre, snusk og ukultur vert tekne i bruk.
Gro Harlem Brundtland gav oss EU og abortfrisleppet, me fekk EØS-tilknytinga og Schengen med innvandrarbølgja. Erna og Jonas har formidla Det Grøne Skiftet med straumkablar, me har fått dyrtid og Prideideologien. Og nå er dei i ferd med å knyta oss ennå nærare EU, FN, WHO og WEF.
Alle er forstøkte over barnedrapa i Gaza og krev våpenkvile, at Israel stoppar krigen mot Hamas. Heile verda fordømer Israel som held fram med krigen mot Hamasterroristane, noko som også råkar sivile – av dei halvparten born. Men har me gløymt krigen mot IS-jihadistane i Syria der 500.000 liv gjekk tapt og 12 millionar fordrivne?