| Debatt
Preses: Bispevigsling er framfor alt vår felles bøn om at Guds Ande må vere med deg
BISKOP: Sunniva Gylver blei vigsla til biskop i Oslo bispedøme i Oslo domkyrkje søndag.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Preses Olav Fykse Tveit sin vigslingstale til biskop Sunniva Gylver i Oslo domkyrkje 23. februar 2025.
Kjære Sunniva!
Biskop tyder «den som ser». Det er ikkje så vanskeleg å
sjå deg, heller ikkje å sjå kven du er og kva du er, korkje
før eller no: Eit vitne om Kristus.
Det oppdraget du no
får handlar mykje om at du skal sjå, at du skal ha tilsyn
med andrem, og vert den som framfor alt skal sjå.