Debatt

BISKOP: Preses Olav Fykse Tveit saman med Bjørgvin-biskop Ragnhild Jepsen. Foran di går Tunsberg-biskop Jan Otto Myrseth og Møre-biskop Ingebørg Midttømme.

Preses Olav Fykse Tveit i tale til Ragnhild Jepsen: Nye generasjonar må få tak i Guds ord

Publisert Sist oppdatert

Tale ved vigsling av Ragnhild Jepsen til Bjørgvin biskop i Bergen domkyrkje, 16.04.23

Kjære Ragnhild,

Di bispegjerninig startar i tida etter påske. Det er ein god plass å starte. Det vil alltid minne deg på at dette er ei teneste du gjer i lys av oppstoda.

Det er også spesielt meiningsfullt for Bjørgvin bispedømme og for heile kyrkja vår at det skjer akkurat no, når du vert helsa velkomen som den første kvinne som går inn i denne oppgåva her.

I år var påskedagens evangelium nettopp om kvinnene som kom til den tome grava. Dei hadde mange slags tankar og kjensler då dei kom dit, og når dei gjekk derifrå.

Men dei hadde mot, vilje og evne til å gi vidare det dei hadde sett og høyrt. Dei vart dei første vitner om det som mange sidan har sett og trudd av mange: Jesus lever og kjem til oss.

I dag blir linja frå dei første kvinner som vitna om den tomme grava trekt vidare hit til dette rommet. Vi har deira namn, og vi har ditt namn.

No går ditt namn inn i rekkja av biskopar som har hatt ansvar for at kyrkja er apostolisk, i tydinga at ho er sendt til verda med akkurat dette budskapet. Heilt til våre kystar og fjordar, heilt til desse bygder og denne byen.

Heilt til denne historiske dagen. No skal du leie dette arbeidet med å dele dette vidare inn i tida som kjem, for nye menneske og nye generasjonar.

Som biskop får du også ei oppgåve i å avsløre kva som er tomme ord.

Det er mykje å glede seg over denne dagen.

Du har mykje å kome med, du har mykje å gi vidare, fordi du er den du er. Med dine røter, med dine mange gåver, og no også med di erfaring som prest og domprost i Nidaros i mange år, og ditt arbeid med økumeniske og internasjonale relasjonar. Det er med god grunn store forventningar til di teneste her.

Når du i dag går inn i bispetenesta i kyrkja vår, vert du beden om å love noko. Den første lovnaden i vår liturgi for bispevigsling har ei spesiell formulering som vi ikkje brukar så ofte:

«Du skal rekkje kyrkjelydane brødet, som er Ordet frå Herren». La oss tygge litt på den, og kjenne at den opnar opp på ein spesiell måte kvifor di teneste trengst, ikkje minst i vår tid.

«Rekkje (dei) brødet». Det er eit uttrykk som høyrer livet til. Ja, det er eit uttrykk som høyrer livets mest grunnleggjande behov til. Det handlar om kva vi treng av næring og av fellesskap.

Det er frukostens og kvardagens enkle gest. Uttrykket kan også høyre heime som i dag ved vår nattverdfeiring.

«Brødet» som bilete koplar saman det konkrete, det sant menneskelege behov, med vår lengt etter det smakfulle, det gode og vakre. Dette høyrer igjen saman med den etiske fordring i livet: brød er sjølve teiknet på vårt ansvar for å dele – det vi har fått, og det andre treng like mykje som oss.

Og så knyter bøna «gje oss i dag vårt daglege brød» vårt liv her og no saman med Gud og livets opphav, og viser oss at det åndelege høyrer saman med det livet vi har her vi er.

Og dette knyter til det som skjer i bispedømmet der du no skal vere biskop.

Du kjenner bygdas tradisjonar og nærleik til menneske og natur, og veit at livet vert levd med stor meining og glede akkurat der.

Du kjenner også storbyens liv og mangfald og muligheiter, og du kjenner spesielt katedralen som det store rom for alt det livet rommar – i møte med Gud og kvarandre.

Når vi taler om brød som Guds ord, er vi i sentrum av vår Guds-tru og vår gudsteneste. «Å rekkje dei brødet» er ei formulering som også kan spele på denne søndagens evangelium som vi seinare skal få høyre, om Jesu møte med dei litt forvirra læresveinane etter oppstoda.

Då dei tok mot til seg og spurte kven han var, svarte han med å gje dei brødet. Han rekte dei brødet. Då kjende dei han att.

Når du som biskop vert beden om å gjere dette, er det eit klart bibelsk mandat du vert minna om kvar sundag: «Gjer dette til minne om meg!»

Biskopen skal sørge for at det som særleg kan formidle Jesu nærvær til oss, faktisk skjer. At sakramenta vert forvalta rett og evangeliet forkynt klårt og reint.

Biskopen skal sjå til at det både har form og innhald som gjer at vi får med oss sjølve saka, «the real thing».

Det er tenarens oppgåve når det er tale om å sørge for at brødet når fram til dei alle og er på bordet. Men det er ei særdeles viktig oppgåve, ei livgjevande oppgåve.

Og for at Guds Ord skal bli tatt imot, må det vere ferskvare frå Gud sjølv, her og no. Brødet er best når det er ferskt, vinen er best når den er moden. Kyrkja formidlar både det som er historisk og det som er nytt. Begge deler trengst.

Biskopen skal sjå til og støtte alle dei som på ulike måtar legg til rette for at det skjer, i ord og handling. Det er næringsrike grovbrød vi treng.

Vi har glede av det som kan gi gode religiøse opplevingar og kjensler, men først og fremst det som gir næring til det daglege livet.

Biskopen har difor ansvar på vegner av oss alle for å spørre etter kvalitet og at det dette faktisk skjer.

Det viktigaste med brødet er ikkje kva meining vi har om brødet. Brød har ikkje meining berre når det er bakt. Brødet får meining når det vert delt, rekt fram og tatt imot, og ete.

Vi treng verkeleg å fokusere på desse heilt grunnleggjande oppgåvene i kyrkja vår, å dele og ta til oss Guds Ord. Vi treng det som menneske, men vi treng det også som fellesskap.

Vi kan ikkje leve på fortida, vi kan berre leve og vere kyrkje no og inn i framtida. Og då treng vi eit innhald som heldt.

Vi har eit ansvar som kyrkje å bidra inn i eit samfunn som treng det vi har fått og kan formidle vidare av kjærleikens og livets ord.

Når du no skal vere biskop i ei tid med tusenårsjubileum for kristenretten på Moster neste år, og vidare fram mot kristnings- og nasjonaljubileet i 2030, vert det ei særleg fin oppgåve å få fram og gjere levande kva for verdiar og næring til vårt liv vi har fått i Guds ord.

Vi lever i ei tid der ikkje så mange kjenner godt til kva for ein skatt vi har å formidle. Eller for å seie det med brødet som bilete:

Ny generasjonar må få tak i det, slik at dei også kan få smaken på det, og få nytte av det. Vi kan ikkje halde det for oss sjølve i kyrkja.

Å forvalte i truskap er først og fremst å bruke den til noko godt og til noko nytt.

Den kanskje sterkaste uttrykk for bibeltruskap i praksis er den vi har akkurat her og no – i gudstenesta. Her les vi frå ulike bibeltekstar gjennom året, vi forkynner over dei, vi seier fram bønerop frå den blindfødde ved veien: «Kyrie eleison».

Vi startar all lovsong med orda frå juleevangeliet. I nattverdfeiringa har vi liturgiar som nesten ord for ord er bruk av bibeltekstane.

Velsigninga er direkte bibelstitat frå 4 Mosebok… Du er glad i tidebøner, som er bibeltekstar frå ende til annan. Slik kunne vi fortsette å snakke om Guds ord brukt nettopp i gudstenesta.

Du har dei beste føresetnader for å hjelpe andre til å sjå kor rik og meiningsfull nettopp gudstenesta med sine bøner og salmar er. Ordet treng form, rammer, gjerne melodi og rytme, rim og klang, og bilete – alt som kan vekkje appetitt og ei djupare forståing av kva dette er. Kvaliteten er viktig for at vi skal ta imot og ta det til oss.

No treng vi ditt leiarskap, slik at vi fører vidare og fornyar våre måtar å feire gudsteneste på, og slik at mange ser kva for kvalitetar og verdiar som ligg i nettopp det.

Som biskop får du også ei oppgåve i å avsløre kva som er tomme ord. Dei kan bli som ein klingande malm eller bjelle, dersom dei ikkje er gitt i kjærleik og formidlar Guds-kjærleikens evangelium.

Då vert ingen mette eller styrkte av det dei får. Dei kan til og med bli dårlege av det.

Som biskop skal du vise at Guds ord formidlar det som er rett og sant. Det avslører, og kan vise oss den rette vegen. Det gir mandat og mot til å løfte stemma og seie både «ja» og «nei» på dei rette stader, når det er nødvendig på vegner av dei som lir, dei som opplever urett og ufred. Her og elles i verda.

Du gir ein lovnad. Det viktigaste i dag er likevel Guds lovnad til deg. Du skal vite at du har mykje å fare med som biskop: Brødet frå himmelen. Ikkje noko mindre enn det.

Powered by Labrador CMS