Debatt
Preses Olav Fykse Tveit: Misjon overfor jødar
Seks kyrkje- og misjonsleiarar skriv den 22.november i Dagen og Vårt Land at dei har reagert på det eg sa, eller heller det eg ikkje sa, om jødemisjon i eit intervju i Vårt Land 13. november. Der vart eg spurt om dette i samband med spørsmål som særleg gjekk på vårt forhold til jødar i Noreg.
Som eg også sa til Vårt Land: Evangeliet om Jesus Kristus er for alle, og kyrkja skal og vil dele det med alle gjennom vårt vitnemål i ord og gjerning. Dette står fast.
Men i spørsmålet om organisert misjonsverksemd retta direkte mot jødar er det fleire historiske og aktuelle utfordringar som gjer seg gjeldande, og som er vorte drøfta og arbeid grundig med av mange kyrkjer. Eg nemnde tyske kyrkjer, men kunne også nemnt Svenska Kyrkan og Den romersk-katolske kyrkja.
I deira tekstar er det ei skjelning mellom å gje eit vitnemål og organiserte tiltak med tanke på konvertering. Dette er også kome fram i tekstar til dømes frå International Council for Christians and Jews, som eit standpunkt om «opposing organized efforts at the conversion of Jews.»
Når Den norske kyrkja nå skal gjennomgå sitt forhold til jødedom og jødar, med utgangspunkt i arbeidet frå eit utval oppnemnt av Bispemøtet og Mellomkyrkjeleg råd, er missiologiske spørsmål ein del av utvalets mandat.
Det undrar meg litt at misjonsleiarane ikkje reflekterer meir over korleis deira prinsipielle formuleringar kan oppfattast i lys av historia og den aktuelle samtalen med jødar i Noreg i dag.
Det er høgst relevant, tydelegvis, at dette vert drøfta grundig no. Det undrar meg litt at misjonsleiarane ikkje reflekterer meir over korleis deira prinsipielle formuleringar kan oppfattast i lys av historia og den aktuelle samtalen med jødar i Noreg i dag. Dette handlar ikkje berre om kva ein seier, men også korleis ein seier det.
Eg vil ikkje forskuttere konklusjonen på desse spørsmåla som vi har bede eit svært kompetent utval til å drøfte, og rapporten deira kjem i 2023. Misjonsleiarane er sjølvsagt velkomne til å gje innspel til dette utvalet, leia av sokneprest Endre Fyllingsnes, tidlegare tilsett i Den norske Israelsmisjon.
Eg har invitert generalsekretæren i Israelsmisjonen, Vegard F. Soltvedt, til ein samtale om desse spørsmåla, noko eg ser fram til. Eg er elles gjort kjend med at Israelsmisjonen for nokre år sidan endra sitt engelske namn og tok bort ordet «mission» i namnet.
Eg legg til grunn for arbeidet vidare med desse spørsmåla at Den norske kyrkja har eit godt og forpliktande samarbeid med Den norske Israelsmisjonen.