| Frispark
President Trump – ny tidsalder for USA?
PRESIDENTINNSETTELSE: President Donald Trump hyller mens han står på scenen i Emancipation Hall ved den 60. presidentinnsettelsen, mandag 20. januar 2025, ved U.S. Capitol i Washington. Foto: Ron Sachs/Pool Photo via AP
Valresultatet i november gav Donald Trump ekstra legitimitet, attåt den sterke sjølvkjensla han hadde frå før. Trass i høg alder viser mannen ein stamina (energi, trott, tæl, viljekraft) me snautt har sett tidlegare. Det er godt gjort å stå oppreist i stormen av alle skuldingar og søksmål (nokre med substans, andre oppdikta) som motstandarane i det lengste har prøvd å setja han fast med.
Jau då, mannen er egosentrisk og ikkje lite av ein skrytepave! Han er vital, nærast ustoppeleg, og talar med ulideleg store bokstavar.
Eg meiner at me heller må drøfte prinsippa og substansen i politikken hans, gjerne kritisk, men framfor alt fordomsfritt.