For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

RETORIKK: Så skjer det snodige og tragikomiske at Sunniva Gylver (t.v.) i debatten med Randi Førsund stiller henne seks omfattande og djuptgåande teologiske spørsmål, skriv Johannes Kleppa.

Prest spør filmskapar

Publisert Sist oppdatert

Det har oppstått ein debatt om fortapinga og helvete. Spørsmålet er om folk går fortapt eller kan gå fortapt? Det er eit svært alvorleg og sentralt spørsmål i kristen tru. Det rører med heile frelsesverket, trusspørsmålet og misjonsforståinga. Midt i det svært alvorlege, har det oppstått ein nesten tragikomisk situasjon.

Utgangspunktet for debatten var at Sunniva Gylver, prest i Den norske kyrkja, i ein andakt reiste spørsmålet om Gud hadde ein plan B, altså ein frelsesplan for dei som ikkje ope tek imot Jesus i tru her i livet. Ho snakka, og har seinare skrive, som om Gud har det. Det er altså vanskeleg å tenkja seg at nokon går fortapt. Det fekk filmskapar Randi Førsund til å reagera. Ho meinte det var prestane sin «fordømte jobb» å forkynna det Bibelen lærer, inkludert fortapinga sin realitet.

Eg har ein gong hatt gleda av å møta Randi Førsund. Ho er eit fyrverkeri av eit menneske som veit å ordleggja seg, og det til tid meir direkte enn dei flesta av oss gjer, og ho er ikkje skuggeredd, men står frimodig fram med meiningane sine. Ho brukar ikkje alltid nett kanaans språk! Det var ein fest å snakka med henne, og det var imponerande å høyra korleis ho tok oppgjer med både prest og biskop – med biskopen på stolen ved sida av seg. Førsund er altså ikkje teolog, men ho er filmskapar. Ho har komme til kristen tru i vaksen alder.

Powered by Labrador CMS