Debatt
PRIDE: Når det blir eit press og krav om å godkjenna og feira ein livsstil som ein sjølv er framand for, då skaper det naturleg nok motreaksjonar, skriv Erling Thu.
Odd Mehus
Pride står for fall
Bibelen er veldig klar på at hovmod fører til fall. Det stolte mennesket fell i synd, og hovmod er kanskje sjølve grunnsynda som vi alle har del i. Hovmod øydelegg menneskehjartet, for det får oss til å tenkja for høge tankar om oss sjølve og for små tankar om Gud.
Hovmod fører til sviktande dømmekraft, så vi gjer slikt som ikkje sømmer seg. Sjølv om vi veit kva Guds lov seier, syndar vi ikkje berre sjølve, men rosar òg dei andre som gjer det. Dette ser vi tydeleg i pridemånaden, når folk er stolte og skrytande over ein livsstil som Bibelen seier er umoralsk.
Heldigvis ser vi mange teikn på at folk føler at dette skrytet over seksuell umoral har gått for langt. Sjølvsagt kan folk leva slik dei vil i eit demokratisk samfunn og dei fleste bryr seg ikkje om kva andre gjer i privatlivet. Men når det blir eit press og krav om å godkjenna og feira ein livsstil som ein sjølv er framand for, då skaper det naturleg nok motreaksjonar.