Debatt
STØTTE: Kyrkja treng ikkje Pride, men Pride treng støtta frå kyrkja nettopp fordi det er så mykje diskriminering av skeive, skriv Kristian Mateo Norheim. Her frå bisetjinga ved Høvik kyrkje for ein av dei som vart drepne i masseskytinga i Oslo 25. juni.
Geir Olsen / NTB
Pride treng Den norske kyrkja
I eit lesarinnlegg fredag 8. juli skriv Egebakken at Den norske kyrkja ikkje treng Pride. Ho kritiserer kyrkja for å ikkje gjere greie for korleis kyrkja teologisk kan forsvare støtta til Pride. Ho går også langt i å påstå at kyrkja aktivt støttar alt organisasjonen Fri står for ved å gå i Pridetoget. Eg forstår spørsmålet til Egebakken, men eg er sterkt ueinig i kva retning ho ynskjer å ta kyrkja.
Først og fremst meiner eg ikkje at å gå i Pride er automatisk støtte til alle kampane Fri kjempar. Pride er ei markering av retten til å vere den ein er og elska den ein vil, som biskop emeritus Atle Sommerfeldt har uttalt på heimesida til DNK. Det er nettopp dette det handlar om. Det er faktisk ein menneskerett å få vere skeiv og elska den ein vil i dag. Eg er stolt av å vere medlem i DNK som markerer avstand til hat og ymse ugrei omtale av skeive miljø.
Eg må seie eg opplev det som høgst merkeleg at fleire kristne miljø kjem med fråsegner som at dei skal visa respekt og er kalla til å elska også skeive, men i neste omgang går ut med hard retorikk som «radikal kjønnsideologi» m.m. Det er som Chris Medina ein gong sang: «What are words if you really don’t mean them» (på norsk: Kva er ord om du ikkje verkelig meiner dei). Det største uttrykket for kjærleik er kva handlingar ein gjer, ikkje kva ord ein seier.