Debatt
NRK: Å kalla nokon for «ekspert» på eit eller anna område, tyder at vi meiner vedkommande sit inne med kunnskap som vi andre ikkje har skriv Sigurd Skirbekk.
Vidar Ruud / NTB
Professor: Pressa tek feil når dei kallar Ukraina-krigen «vår krig»
Å kalla nokon for «ekspert» på eit eller anna område, tyder at vi meiner vedkommande sit inne med kunnskap som vi andre ikkje har. For ein sosiolog kan ein militær offiser vera ein slik «ekspert», liksom offiseren ikkje veit det ein sosiolog veit.
Når det gjeld Ukraina, kan mange kjenne seg som «ekspertar», utan at dette treng vera anna enn at ein veit noko som den andre ikkje veit – og at dette gjer at ein kan kalla seg for «ekspert», på visse område.
I media er det særleg militært personell som står fram som «ekspertar», og dette verkar rimeleg dersom ein ser på konfliktane som motsetnad mellom folkegrupper.