Debatt
ARVE UGLUM: Ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Sogn Avis.
Ørjan Talle
Prosten støttar, medan Korsets Seier går til åtak. Kristen-Noreg er sanneleg mangfaldig
Korsets Seier går så hardt inn i rolla som heiagjeng og kollaboratør, at dei vert ståande att som dei einaste som prøver å skjula det politiske spelet.
Eg har kalla Kristen-Noreg sine reaksjonar på tvisten på Sagatun skule i Balestrand for «ikkje berre sjarmerande». Det er inga sterk skulding. Få ting er utelukkande sjarmerande. Men noko mindre enn det blir for hard kost for Karl Andreas Jahr, utgåvesjef i Korsets Seier.
Han ber ein landsens lokalavisredaktør om å kjenna sin plass.
«Jeg fornemmer kanskje at Uglum kjenner bedre til Sogn enn Kristen-Norge», skriv utgåvesjefen i Oslo. Tonen er gjennomgåande nedlatande.