For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Putin vil knusa kyrkjer

Den brutaliteten som Vladimir Putin viser også mot kyrkjer i okkuperte delar av Ukraina, viser oss kva livsfarleg ideologi han dyrkar.

KRIGSKUNST: Med biletet «Levande håp» møter Anatoliy Raychynets påskehøgtida og seier: «Vi håpar at Gud kan redda oss.»
Publisert Sist oppdatert

Dersom krigen mot Ukraina «berre» handlar om at landet ikkje må bli medlem av Nato, kvifor skal okkupasjonsstyrkar torturera og drepa prestar og pastorar? 

«Russkij mir»-ideologien inneber å øydeleggja ukrainsk identitet. Kyrkjer som ikkje sluttar opp om felttoget mot «ugudelege Vesten», skal knusast.

I okkuperte område vert prestar i begge dei ortodokse kyrkjene utsette for hardt press til å gå over til nye russiske bispedømme, styrte frå den krigsvelsignande patriark Kirill i Moskva. Fader Konstantin Maksimov i den ukrainske kyrkja som framleis ligg under Moskva, blei i februar sendt til ein russisk fangeleir med «hardt regime». 1.000 kilometer heimanfrå skal han sona 14 år for «spionasje», ei oppdikta skulding mot ein prest som nekta å bøya kne for okkupant-ideologien.

Powered by Labrador CMS