Debatt
ATOMRAKETT: 1. mars 2018 viste den russiske fjernsynskanalen RU-RTR bilete av Russlands nye interkontinentale missil Sarmat på ein ikkje avslørt stad i landet.
AP / NTB
Putins velsigna atombomber
Sidan Sovjetunionens fall har Den russisk-ortodokse kyrkja fått sterkare og sterkare posisjon i statsapparat og hær. Putin knytte sterkare band til kyrkja enn andre russiske leiarar hadde gjort etter at Sovjetunionen fall. Aller mest synleg er kyrkja hos kjernevåpenstyrkane, skriv Dmitry Adamsky i Foreign Affairs.
Adamsky er professor i Herzliya i Israel. Han har vore ved Harvard – og han har vore gjesteforskar ved norske Institutt for Forsvarsstudier. I boka «Russian Nuclear Orthodoxy», forklarar Adamsky korleis Den russisk-ortodokse kyrkja lærte seg å «elska bomba».
«I det russiske militæret, spesielt i atomstyrkane, leier geistlege så ofte aktivitetar for å styrkja moralen og fremja patriotismen at dei spelar ei rolle som nesten svarar til rolla som politiske offiserar hadde i sovjettida, dei var ansvarlege for ideologisk utdanning av troppar og for sikra Kremls kontroll over militæret», skriv Adamsky.