Meninger
GUDS NÆRVÆR: Endå ein gong skal Gud bryta inn mellom folket sitt og overvelda oss med sitt mektige nærvær. Det som har skjedd på Vigeland er berre eit varsel om noko stort Herren vil gjera i heile landet vårt, skriv Erling Thu.
Johanna Hundvin Almelid
Åndelege vekkingar møter alltid motbør
Dette er eit underleg ord som er lite brukt i våre dagar, men Herren har sagt at det vil bli rabalder. «Endå ein gong, om ei lita stund, rister eg himmel og jord, havet og det tørre landet. Eg rister alle folkeslag, så skattane deira kjem hit. Eg fyller dette huset med herlegdom!» Det er atterreisingsprofeten Haggai som ber fram dette ordet frå Herren (Hag 2,6–7).
Det fekk ei oppfylling då tempelet vart gjenreist på hans tid, men peikar fram til det nye huset som Herren byggjer i den nye pakta og som skal bli herlegare enn det første. Endå ein gong skal Herren rista verda og folkeslaga på jorda (Hebr 12,26–29). Når Herren ristar, blir det rabalder.
Det skjer underlege ting i landet vårt. Herren tenner tannlause kristne i brann. Lunkne og sløve kristne blir fornya og brennande ivrige. Folk, som av ulike grunnar har komme på avstand, søkjer Gud og finn på ny sin plass i kristne fellesskap. Vekkinga på Vigeland er berre eit av døma på dette. Eg høyrer mange historier om fornying blant Guds folk i mange samanhengar.