Debatt
GUDSTENESTE: Ragnhild Jepsen opna gudstenesta saman med den katolske biskopen i Trondheim, Erik Varden.
Gjermund Øystese, Norges Kristne Råd
Ragnhild Jepsen: Gjennom tusen år har her vore eit Kristus-nærvær
Biskop Ragnhild Jepsen si preike ved jubileumsgudstenesta i Moster 2. juni 2024.
Tekst: Luk 10,25–37: Forteljinga om den miskunnsame samaritanen.
Vi er på heilag grunn. Denne dagen kjenner vi oss som del av den heilage lekkja av menneske som før oss har trått grunnen vi står på. Som her har lagt att sine bøner, sine tårer, si glede, sine håp og si framtidsvon. Og som har fått gå herifrå med ny von, velsigning og visse om kjærleik.