Rammer for høgare utdanning
Det vil vera ein uhaldbar situasjon om ein tilsett formidlar ei lære som er i strid med NLA sin basis, meiner NLA-rektor Bjarne Kvam.
I debatten den seinare tida om skriftsynet ved NLA Høgskolen har det kome fram synspunkt på forholdet mellom akademisk fridom og verdiforankring for kristne høgskular. Det kan difor vera tenleg å avklara dette nærmare for om mulig å unngå mistyding.
I 2005 vart Lov om private høgskular og Lov om Universitet og høgskular slegne saman til ei felles lov for alle høgre utdanningsinstitusjonar. Den nye lova skulle sameina Privathøgskulelova sin rett til å byggja på eit kristent livssyn og dei statlege institusjonane sin hevdvunne akademiske fridom.
Dette vart formulert slik i paragraf 1-5. Faglig frihet og ansvar:
«(1) Universiteter og høyskoler (U/H) skal fremme og verne akademisk frihet.
(2) U/H har ellers rett til å utforme sitt eget faglige og verdimessige grunnlag innenfor de rammer som er fastsatt i eller i medhold av lov.
(3) U/H kan ikke gis pålegg eller instrukser om læreinnholdet i undervisningen og innholdet i forskningen.
(4) Den som gir undervisning ved institusjon under denne lov har et selvstendig faglig ansvar for innhold og opplegg av denne innenfor de rammer som institusjonen fastsetter.» Vidare har det vitskaplege personalet rett til å velja emne og metode for forskinga si og har rett til å få arbeida publisert.
Vi ser at det kan oppstå ei spenning mellom akademisk fridom og det verdimessige grunnlaget som institusjonen byggjer på, og som personalet er tilsett for å fremja. Denne spenninga vart teke opp til drøfting i ei eiga offentleg utgreiing i NOU 2006: Akademisk frihet. Her står det at «viss åpning for at det faglige og verdimessige grunnlaget kan få konsekvenser for den enkeltes frihet, er en forutsetning for virksomhet i denne typen institusjoner... Prinsippet om akademisk frihet gjelder for alle universiteter og høyskoler. Eventuell begrensning må være godt begrunnet i institusjonens faglige og verdimessige grunnlag slik dette er nedfelt skriftlig i institusjonens regelverk».
NLA Høgskolen sitt verdimessige grunnlag er formulert i basis: «NLA Høgskolen bygger på den kristne tro slik den er uttrykt i Den Hellige Skrift og den evangelisk lutherske bekjennelse», og i verdidokument der det står: «Skriften er gitt oss av Gud. Den formidler Guds åpenbarte ord til mennesker til alle tider, og har autoritet der den klart binder vår samvittighet som normerende norm i spørsmål som gjelder tro og liv».
Som arbeidsgjevar i dette spenningsfeltet mellom individuelle og institusjonelle rettar må vegen gå gjennom dialog og i respekt for personleg integritet. Samstundes vil det vera ein uhaldbar situasjon om ein tilsett formidlar ei lære som er i strid med NLA sin basis.