Debatt
BIBELEN: Bibelen som udiskutabel rettesnor for ein kristen og eit kristent samfunn har i generasjonar vore grunnlaget for den velsigning som landet vårt har nytt godt av, skriv Kjartan Snipsøyr.
Johannes Lavik
Rett forkynning i nyheidensk tid
Bibelen som udiskutabel rettesnor for ein kristen og eit kristent samfunn har i generasjonar vore grunnlaget for den velsigning som landet vårt har nytt godt av. Utan å gå i detalj, vil alle med nokolunde gangsyn, sjå at utviklinga over tid og med akselererande fart no har ført landet vårt og Vesten inn i ei utvikling bort frå Bibelen og inn i nyheidensk tid.
Eg er redd berre omvending og bot kan redda oss frå at velsigninga vert teken frå oss, med dei konsekvensar dette vil føra med seg.
Når preses, biskopar og dei fleste prestar forkynner ein teologi som til ei kvar tid skal vera politisk korrekt og kleia tilhøyrarane i øyra, må deler av Bibelen haldast utanfor eller tolkast til fordel for nyheidensk tankegods. Ikkje rart at det tidlegare kristne Europa no treng misjonærar frå kristne kyrkjelydar i Afrika.