| Debatt
Retten til landet
FN: Riyad Mansour, Palestinas faste representant i FN, peker på Israels delegasjon mens han taler under et sikkerhetsrådsmøte i FNs hovedkvarter 25. november 2024.
Foto: Yuki Iwamura / AP / NTB
Vi merkjar oss at det blir sett fram krav om at «okkupasjonen» av landet mellom Jordan-elva og havet må ta slutt, og at palestina-arabarane må få att landet sitt.
Ja, kva seier då historia og folkeretten om dette? I år 70 e.Kr. vart det store fleirtal av det jødiske folk drivne ut av gamle Kana'an, landet mellom elva Jordan og havet. Ein del beit seg fast og vart verande i Galilea. I åra 132–135 e.Kr. vart det på nytt eit opprør. Etter at keisar Hadrian hadde slege ned opprøret ville han audmjuke jødane med å gi landet eit nytt namn, Palestina (som kjem frå filistrane).
No gjekk landet inn fleire hundre år som ei øydemark, der lite skjedde. Den amerikanske journalisten og forskar Mark Twain reiste omkring i landet i 1863. Han skriv: «Det er håpløst, trist, hjerteskjærende skue. Palestina er kledd i sekkestrie og aske.»