For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

| Debatt

Retten til liv

GRAVIDITET: I samtalane rundt abort, snakkar vi om kvinna og barnet, men kanskje oftast om kvinna og hennar rettar, skriv Lilly Kristin Langnes.
Publisert Sist oppdatert

I høve utvidinga av abortlova snakkar vi no om veker, ja, om veke 18. Men dette handlar om meir enn antal veker. Ser vi nærare på det, utfordrar debatten til djupareliggjande etisk refleksjon rundt grunnleggjande rettar.

Vi er heldige å bu i eit land der rettsvernet er gjennomgåande sterkt. For niande år på rad er vi nest best i verda, ifølgje rangeringa til «World Justice Project». Openheit i forvaltinga, fråvær av korrupsjon, fundamentale og sivile rettar er nokon av målekategoriane som gjer at vi scorar skyhøgt. Men rettsvernet til barnet sviktar.

Med røter tilbake til bondesamfunnet og forankringa i landslova som i år fyller 750 år, er vi ein del av ein stolt tradisjon der samfunnet stiller opp og sikrar rettar (og plikter) både til (den gong) trælar, kvinner, barn og svake samfunnsgrupper. Det skjedde med utgangspunkt i eit menneskesyn som stadfesta at kvar einskild var gitt sin eigenverdi. 

Powered by Labrador CMS