Frispark
Rolf Kjøde: Eit steg tilbake – for å løfte fram
Eg har til hensikt å vere litt personleg i dette frisparket. Ikkje veldig utleverande, nokre kan bli skuffa der, men eg vil ut frå eige liv reflektere litt rundt overføring av leiarskap.
Frå eg var 39 fekk eg 15 år med dagleg leiarskap, som altså betyr at næraste overordna var dei styra som tilsette meg. Eg treivst i oppgåver og roller, noko som kjem godt med i så utsette posisjonar med stort arbeidspress. Samtidig lærte eg masse, ikkje minst gjennom kompetente medarbeidarar som ofte måtte kompensere for mine blindsoner og feil.
Då eg meldte landsstyret i Normisjon at eg styrte mot avslutning av tenesta som generalsekretær i 2014, låg vegen open framover utan konkrete planar, men med tiltru til at Gud ville leie til andre oppgåver.
Rundt meg var det mange som meinte at eg burde bruke leiarerfaringa mi i anna toppleiarskap. For meg var ikkje det veldig viktig.
Leiarrolla er berre ei oppgåve; den er ingen identitet. Ein kristen sin identitet er å vere Guds barn og Jesu etterfølgjar.
Kristent leiarskap må ha eit liv i disippelskap som utgangspunkt. Berre ved på leiast av Jesus kan vi lære å leie som Jesus og til Jesus.
Frå eg runda 60 har eg fått jobbe akademisk, altså med forsking, undervisning og formidling. Samtidig får eg brukt leiarkompetansen min på ein fornya måte. Motivasjonen for 60-åra av livet mitt er å vere der for studentane, midt i danning av unge der mange kjem til å hamne i teneste og leiarskap for kyrkje og misjon.
Sjølv har eg hatt mine år med skarp offentleg profilering, om det er noko mål. Framleis får eg rikeleg med høve til å følgje ungdomskallet til å forkynne evangeliet. Eg har spørsmål om ulike oppdrag – og høve til å skrive Frispark i Dagen. Det er ikkje noko mål å bli usynleg.
Samtidig er eg i ein livsfase då det meir enn nokon gong er viktig for meg å utfordre, utruste og løfte fram nye leiarar, unge som kjenner på kallet til å tene med formidling av evangeliet, til å gjenreise Guds kyrkje og fullføre misjonsoppdraget, til å våge å gå inn i leiarskap.
Som misjonsleiar teikna eg ofte ein modell som sa at misjonæren gjerne startar med å gå framom i ein læringsrelasjon, deretter gå med, så gå bak og til slutt gå ut.
Det same gjeld for alt leiarskap. I tillegg til at alle leiarar treng ein eigen mentor – eller to, må alle leiarar sjå til at dei går saman med ein eller fleire som kjem opp bakfrå.
Sjølv prøvde eg å få til noko av dette som toppleiar, men eg kjente stadig på at eg ikkje brukte nok tid på slik investering. No har eg ressursar til det på ein heilt annan måte, jamvel med forsking som ein styrka del av basen min.
Kan det tenkast nokon meir meiningsfull måte å få bruke 60-åra av livet sitt på? Det opplevst vel individuelt ulikt, men for mitt livskall ser eg her og no ikkje nokon meir meiningsfull veg.
Dagleg møter eg studentar i undervisning eller i korridorar, kantine og storstove. I slike tilgjengelege møte opnar det seg opp eit rom for samtale, og for å bli sett.
I undervisning i leiarskap legg eg vekt på kor viktig det er å ha ein mentor, ein å ansvarleggjerast av, ein å søke råd hos, ein som går med deg og deler relevant av si erfaring, ein som ber for deg og som løftar deg opp når du treng det.
Fleire tidlegare studentar har utfordra meg til å vere deira mentor. Kanskje er det nyttig for dei. For meg er det denne livsfasens viktigaste utøving av modent leiarskap.
Naturlegvis er leiarskap makt. Derfor er det ikkje berre nyttig, men jamvel viktig, å gå ut av leiarroller for ei tid – eller etter ei tid. Makt er farlege greier om vi ikkje er merksame nok.
Vi treng ei tid for leie, og ei tid for å la det vere, for å supplere den bibelske vismannens ord. Leiarar treng å faste frå makt, men då kan vi også kome til å leie lenge. I ulike roller.
Sjølvsagt er ikkje mentorrelasjonen utan makt. Maktrelasjonen er jamvel markert asymmetrisk. Derfor må den kristne mentoren bevisstgjere seg på og leve ut det idealet som Jesus sjølv lærte oss; å tene.
Tenande leiarskap er ikkje å abdisere frå leiarskap. Det er snarare å følgje han som ofra alt for dei som følgde han. Jesu absolutte teneste svekka ikkje, men avgjorde autoriteten hans.
La oss hjelpe opp og fram dei unge leiarane!