For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Synspunkt

LOKALT: Vårt ønskje om lokal forankring av heile den lokalkyrkjelege staben handlar difor ikkje om rådsleiarar eller kyrkjeverjer sin kamp for makt, skriv rådsleiarane. Her frå Veme kyrkje utanfor Hønefoss.

Rom for alle

Ny kyrkjeleg organisering må ha rammevilkår som kan skapa lokalt engasjement, styrkja rekrutteringa av både tilsette og frivillige, og medverka til eit levande kyrkjeliv over heile landet.

Publisert Sist oppdatert

Vårt engasjement for lokalt arbeidsgjevaransvar er nettopp ein kamp for å samla alle gode krefter i arbeidet for den lokale folkekyrkja og ikkje ein kamp om makt og styring. Og dersom Kyrkjemøtet vel å byggja vidare på det lokalt forankra arbeidsgjevaransvaret, skal me som lokale rådsleiarar gjera det me kan for at også prestane skal bli godt varetekne som framtidige arbeidstakarar – med både forsvarleg og rekrutterande arbeidsmiljø.

Den noverande organiseringa, der både sokna og kyrkja nasjonalt har ansvar for oppgåveløysinga, er både styringsmessig komplisert og ressurskrevjande. Kyrkjemøtet vedtok difor allereie i 2005 ei målsetjing om felles arbeidsgjevaransvar. Denne målsetjinga har brei støtte i høyringa om ny kyrkjeleg organisering.

Medarbeidarar som jobbar saman i kyrkja lokalt bør vera på same lag, stå under den same leiinga og ha same arbeidsgjevar. Samtidig er det viktig at det grunnleggjande særpreget og identiteten i prestetenesta blir vidareført. Kanskje bør også soknepresten sin andelege leiarskap styrkjast i ei ny ordning.

Powered by Labrador CMS