For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner

Du kan betale med vipps

Er du allerede abonnent?

KJØP

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

| Debatt

Romantisk om frelse fra abort

ABORTKAMP: Viss aborterte foster automatisk får evig liv, er det ikkje so nøye å kjempa mot provosert abort, skriv innsendaren.
Publisert

Terje Bjuland proklamerte nyleg at når han (og hans trusfeller) er komne heim til Jesus, vil dei treffa dei aborterte att der. Men korleis kan ufullborne foster løfta hender og syngja, slik han forventar? For unge foster er små, svake og umodne; 9 cm og 30 g ved 12. veka, samanlikna med nyfødde: 50 cm og 3,5 kg.

So endar kanskje opp mot halvparten av graviditane i spontanabort, definert som fødslar før 22. veka og lettare enn 500 g, der kun eit mindretal av desse plar vera provoserte. Og ikkje minst: premature born har ekstra vanskar; med å pusta, halda seg varm, motstå infeksjonar og lagra viktige næringsstoff. Difor treng for tidleg fødde born ekstra mykje hjelp.

Men utfordringane med å berga unge foster nemner ikkje Terje Bjuland. No trur eg alt er mogleg for Gud (Mark 14:36). Men Bjuland si store villfaring er denne: viss aborterte foster automatisk får evig liv, er det ikkje so nøye å kjempa mot provosert abort her. 

Powered by Labrador CMS