Debatt
Rosa kompetanse, Fri og skulane
På Vestland fylkesting i Sogndal måtte eg gå litt i meg sjølv, og etterprøve eigne standpunkt. For eine interpellasjonen til Høgre inviterte til eit vedtak der alle dei vidaregåande skulane i fylket skulle bruke «Rosa kompetanse» som fagleg grunnlag for undervisinga.
KrF er sjølvsagt for auka kunnskap om ulike seksuelle legningar, og meiner det er nødvendig å gje god kunnskap om det i skulen, både for å minske mobbing, uvisse og hatytringar, og for å styrke inkludering og forståing. Og ikkje minst for å førebyggje og styrke psykisk helse og også, diverre, for å førebyggje sjølvdrap.
KrF hadde eit alternativt vedtak som var slik:
«Fylkestinget i Vestland meiner at eit systematisk haldningsarbeid for å hindra fordommar, hat og intoleranse er svært viktig. Fylkestinget respekterer lærarane sin rett til val av metode eller kven dei nyttar som kurshaldarar. Likevel er det rett å påpeike at det per dags dato ikkje er brei vitskap på området om LHBTQ og skeiv teori, og at Rosa kompetanse bør fagfelle-vurderast av fleire fagmiljø, før det vert nytta i kompetanseutvikling.»
No vart det opplyst i møtet at «Rosa kompetanse» sitt opplegg for kursing av lærarar er fagfellevurdert av NTNU. Det er i så fall bra!
Grunnen til at KrF er skeptisk til «Rosa kompetanse», er at det er organisasjonen Fri som står bak, og vi meiner ein del av det dei forfektar er tvilsamt, lite fagleg underbygt og har ein klar politisk agenda på omstridde område som familieformer, surrogati, sexkjøp og om kjønn er biologisk eller noko ein berre avgjer sjølv.
I Norge har vi per i dag lovverk som opnar for å skifte juridisk kjønn. Det er likevel omstridd, og i ytste konsekvens trur eg mange vil endre synspunkt når det kjem til praktiske døme.
Når det kjem til korleis ein skal behandle menneske med kjønnsdysfori, har til dømes Folkehelseinstituttet uvanleg sterke faglege innvendingar mot ein del av det Fri står for når det kjem til behandling av born og unge om til dømes kjønnsbekreftande behandling.
I Norge har vi per i dag lovverk som opnar for å skifte juridisk kjønn. Det er likevel omstridd.
Fri er svært klare på krav til toleranse for alle ulike og valde måtar å leve ut seksualitet på. Men det finst ingen teikn på toleranse mot dei som måtte ha andre meiningar på dette vanskelege feltet. Sett på bakgrunn av det, er det nødvendig med sterkare fagfellevurdering og forsking på området.
Så er heile dette temaet politisk betent, og vi har hatt mange døme på direkte mobbing av dei som meiner annleis enn «det politisk korrekte» (likar ikkje å bruke omgrepet, men fann ikkje noko betre i farten). Til dømes måtte KrF sin representant Kristina Vaktskjold Hamre, som fronta framlegget i fylkestinget, tole ganske «bitande» replikkar på innlegget sitt.
Vi må til ein viss grad forstå reaksjonane, fordi dette handlar om folk som gjennom tiår har kjent seg haldne utanfor, blitt nedvurderte og sjukleggjort. Då er det veldig lett å gå over i andre grøfta og opne armane for alt. Men det er viktig å ha debatten og vere open for argument.
Som regel finst dei beste løysingane på «vegen» og ikkje i ei av grøftene. Eller for å sitere KrF-ordførar Harald Rydland: «Først må me ha dialog, så finne kompromiss og så ha respekt for kvarandre.» Då hadde nok verda vorte betre på så mange måtar!
Konklusjonen (eller kompromisset, om du vil) er altså at KrF er samde med resten av fylkestinget om at det er viktig at lærarane våre har god kunnskap om temaet. KrF meiner skulane skal ha metodefridom og at vi som politikarar ikkje skal bestemme korleis eller frå kven dei skal hente kurs og kompetanse. Men vi meiner all kompetanse skal vere fagfellevurdert og fagleg forsvarleg. Det var tre andre i fylkestinget som støtta KrF i dette.