Debatt
PRESTERÅD: Prestar som har meldt seg ut og gått i katolsk retning ikkje er dei mest naturlege rådgjevarar for det lutherske bedehusfolket, skriv Karl Johan Hallaråker.
Bjørn Olav Hammerstad
Røter og fornying i bedehusland
Røter og fornying har alltid vore mitt motto i ulike arbeidssamanhengar. Avskoren blom vil alltid døy, men ein kan også døy på rot. Røter og fornying er for meg den beste strategien.
Eg kjende på utfordring til å skriva dette når eg las kommentaren frå biskop i Den nordisk-katolske kyrkja Ottar Mikael Myrseth i Dagen om leiarar som framleis synest å leva på 1800-tallet i tenking om bedehusland. Eg veit jo ikkje om han tenkte på meg eller andre tidlegare leiarar.
Eg kjenner meg ikkje igjen sjølv, kjenner heller ikkje andre karakteristikken kan passa på. Må også tilstå at prestar som har meldt seg ut og gått i katolsk retning ikkje er dei mest naturlege rådgjevarar for det lutherske bedehusfolket i desse tider.