For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Sal av bedehus og sikring av bedehushistorie

Over nokre tiår har aktiviteten på mange bedehus minka radikalt. Opp gjennom tidene har nokre bedehus vorte rivne, og nokre få har vorte selde, men dei fleste har vorte ståande utan nemnande aktivitet. No synest det som at historia har gått ei steg vidare ved at stadig fleire bedehus vert selde.

Publisert Sist oppdatert

Det er tragisk at det i mange bygder og område med mykje folk ikkje lenger er grunnlag for bedehusarbeid. Sjølv om ein bør halda på bedehuset så lenge som råd er, i von om at det kan koma nytt liv på huset, er realiteten likevel slik at hus må seljast.

Mange har vore opptekne med kva huset vert brukt til etter det er seld, men ikkje alle har tenkt på å sikra historia til huset. Det er difor svært bra at førsteamanuensis Kristin Norseth og stipendiat Harald Torgersen ved MF påpeikar den utfordringa det er å ta vare på det historiske materialet som er knytt til bedehusa, og gjev nokre tips om korleis dette kan gjerast (Dagen 5/8). Eg sluttar meg i hovudsak til det dei skriv.

Eg har skrive ein god del indremisjonshistorie og om bedehusa, og det er mykje kjeldemateriale i den samanhengen. Det varierer korleis det historiske materialet er teke vare på og organisert. For Indremisjonsforbundet sin del er det nokså mykje sentralt, og ved krinskontora, særleg det som gjeld protokollar og årsmeldingar.

Powered by Labrador CMS