Debatt
RAS: Me har eit enormt etterslepet på fylkesvegvedlikehald, og i tillegg har vi store rasutfordringar i heile fylket, skriv Sigbjørn Framnes.
Yttri, Tor / NTB
Samferdsle i Vestland
Som saksordførar for den første Regionale Transportplanen (RTP) for Vestland fylkeskommune fekk eg eit godt innblikk i dei utfordringane me har i fylket. Me har eit enormt etterslepet på fylkesvegvedlikehald, inkludert vedlikehald av bruer, tunnelar og kaiar. I tillegg har vi store rasutfordringar i heile fylket.
Innan kollektiv har me også utfordringar, spesielt er dette merkbart i distrikta. Kollektiv er eit av samfunnsoppdraga me som fylke forvaltar for storsamfunnet. Det er ei viktig oppgåve for at folk skal kunne bu og arbeida i heile fylket.
Derfor er satsing på samferdselssektoren viktig for Frp. Det må prioriterast økonomiske midlar, og me må sjå på nye løysingar. Viktige overordna prioriteringar i RTP var «meir veg for pengane» og «samfinansiering», begge deler for at me skal få meir veg for pengane fylket puttar inn. Me må i tillegg sjå på nye byggjemetodar og materiale ein brukar ved brubygging. Aluminium kan vere eit slikt materiale. Byggjekostnaden går ikkje nødvendigvis ned, men i eit 100 år perspektiv er det tilnærma null i vedlikehaldskostnadar. Ein annan plass aluminium kan brukast er på rasoverbygg, med standard modular som gjev kort byggjetid.