Meninger
BØN: Til alle som har tru på at Gud bryr seg om oss og at dei heilage bed for oss, har eg ei bøn: Bring dei heilage inn att i kampen for det dei kjempa og døydde for. Be for oss, skriv Ottar M. Myrseth (foto).
Odd Mehus
Sankt Olav, hjelp oss!
Det vert debattert korvidt vår knapt 50 år gamle abortlov er forelda. Og som vanleg vert abortdebatt eit spørsmål om veker. Det vert spurt kor lenge fosteret skal vere utan rettsvern, ikkje om det har rett til liv. Og det vert rekna som udiskutabelt at mora må vere åleine om å bestemme å avlive det ufødde barnet.
Då kristenretten for 1000 år sidan vart etablert her til lands, var menneskeverd for born det mest merkbare kulturelle utslaget. At uønskte born ikkje lenger skulle setjast bort for å døy, vart ein pillar for sivilisasjonen. Nett i år er det jubileumsfeiring for dette sedskiftet.
Det har i vår generasjon gått i revers. Retten har vikt plass for rettar. Helseføretak så vel som politiske parti går inn for å normalisere det å kunne fjerne dei uønskte mellom dei ufødde. Fullmakt til å ta livet av ufødde born vert sett på som ein rettigheit, for mødrer.