| Debatt
Sanninga – det verkelege og norsk lov
SANNING: Vi brukar ofte ordet sanning om at vi gjev ei korrekt opplysning, altså at det er sant som faktaopplysning. Det er viktig nok, men i Bibelen har det ei langt djupare betydning, skriv Johannes Kleppa.
Apostelen Johannes skil seg på fleire område ut frå slik dei andre nytestamentlege forfattarane skriv. Det gjer han ikkje på ein måte som motseier det andre lærer, men på ein måte som utfyller og klargjer viktige teologiske sanningar. Han brukar ofte ein del ord og uttrykk som dei andre i svært liten grad nyttar. Det gjeld til dømes ordet «sanning». Det er eit uhyre sentralt ord og tema hjå Johannes.
Sjølv om apostelen brukar eit gresk ord, og med det knyter til gresk tanke og kultur, hentar han innhaldet i ordet frå Det gamle testamentet. Slik er det gjennomgåande i Det nye testamentet. Det er altså eit viktig prinsipp at vi les NT ut frå GT, og at vi fyller ord og uttrykk med innhaldet frå GT. Dette gjeld ikkje minst kva som ligg i omgrepet sanning.
Vi brukar ofte ordet sanning om at vi gjev ei korrekt opplysning, altså at det er sant som faktaopplysning. Det er viktig nok, men i Bibelen har det ei langt djupare betydning. Det dreier seg ikkje berre om at noko er korrekt, men det har ein bodskap og ei meining i seg. Det er ikkje berre ein ytre opplysning, men det ber i seg substans. Det kjem aller sterkast til uttrykk i at Jesus brukar det om seg sjølv, og seier at han er sanninga.