| Debatt
Sanningar, verdiar og menneskeverd
UTAN ANSVAR: Det må vera heilt klart at norske jødar er utan skuld i brotsverka som skjer på Gazastripa, skriv Eiliv Villand. Biletet er frå sist november, da statsminister Jonas Gahr Støre og kommunal- og distriktsminister Erling Sande la fram ein ny handlingsplan mot antisemittisme.
Foto: Heiko Junge / NTB
I Dagen 10. april kan me lesa ein god og velskriven artikkel av Bjørn Lande, fylkesleiar i Østfold KrF.
Han konsentrerer seg om antisemittisme i Noreg, og han nemner både «jødeparagrafen» i Grunnlova vår (som no heldigvis er borte) og deportasjonen av 773 norske jødar frå Oslo i 1942 – førde bort med skipet Donau til den visse død.
Ingen kan vera ueinig med Lande i det han seier her, ingen kan slå seg for bringa og påstå at me har ført ein rettvis jødepolitikk.