Meninger
Sårbar, men sterk!
Paulus oppmodar oss til å vera stolte av veikskapen vår, slik at Kristi kraft kan bu i meg (2 Kor 12). Paulus, som me kjenner som sterk, prinsippfast og modig. Han stilte store krav til seg sjølv og andre. Han var villig til å ta store sjansar og gå langt i det å forsvara evangeliet.
Så er dette likevel ikkje heile biletet. Paulus omtalar seg også som svak, skjelvande og redd. Han er pressa, rådvill og forfølgt. Han opplever strid omkring seg og angst inne i seg (2 Kor 7,5).
Så er spørsmålet oppi dette; korleis ynskjer eg sjølv å bli oppfatta, som menneske – i mitt leiarskap? Korleis er kulturen i forsamlinga eg går i? Er det ein god stad å vera når eg har det vondt, når ikkje livet går på skjener? Aller helst har eg lyst å rosa meg av det eg får til, av mine suksesshistorier, ikkje av mine blemmer og min skam.
Kva er det som byggjer tillit og relasjon? Aller mest er det å visa at me kan vera sårbare. Mine næraste relasjonar har eg med dei som veit om både mine oppturar og nedturar. Så er spørsmålet om nokre av desse relasjonane er i forsamlinga, eller berre utanfor. Om det berre er utanfor, har dette betydning for forsamlingslivet og kjensla av å høyra til? Kva kan eg i så fall gjera med dette?
Me ynskjer ekte liv i forsamlinga.
Heilt konkret: Bygg vennskap med medlemmene i forsamlinga. Gå tur saman, be med på kafé eller middag. Del liv saman! Som styre og arbeidsteam; gjer noko kjekt saman, ver sosial og nyt fellesskapet med kvarandre. Så kan det også vera ulike grunnar til at det er vanskeleg å dela liv saman med folk i forsamlinga. Har me i det heile smågruppe eller arena for det?
Å vera sårbar er ikkje nødvendigvis eit mål i seg sjølv, men det er viktig å vera bevisst sin veikskap slik at den kan bli kjelde til liv og vekst. Å stå i utfordrande ting er sjeldan kjekt. Men kanskje kan me i ettertid sjå at me har lært noko; både om oss sjølv og om livet. Det kan gi lækjande krefter og nytt liv. Og me ynskjer ekte liv i forsamlinga.
Så tar det tid å bygga kultur, og det krev bevisst arbeid, både frå leiarskapet si side og frå den enkelte.
Tilbake til Paulus: Han hadde fått ein torn i kroppen som skulle hindra han frå hovmod. Paulus bad om å få sleppa – tre gonger – og får til svar frå Gud at «krafta blir fullenda i veikskap». Det kunne vera ei stor freisting for Paulus å bygga på store openberringar og styrke. Slik er det også for deg og meg.
Eg høyrde om ein som var venn med ein stor misjonsleiar. Det var ikkje dei store ekstraordinære tinga som tiltrakk denne vennen, men at misjonsleiaren viste seg sårbar.
Vår veikskap kan vera vegen inn til folks hjarte og inn til Gud. I Korinterbreva møter me ein ærleg, avhengig og sårbar Paulus. Korleis kan ein som er svak, utretta så mykje og samtidig vera så sterk, kan me lura på. Jo, på grunn av Guds kraft.
Kristus lever i ham og med ham, og Anden arbeider gjennom ham. Så også med oss.