Meninger
SANNINGA: Bibelen er Guds ord og Jesus er Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss, skriv Erling Thu.
KS arkiv
Sei sanninga utan å fordømme
Det er kamp om sanninga på alle i samfunnet vårt i dag. Det eldgamle spørsmålet som Pilatus stilte blir stilt av mange i vår tid: Kva er sanning? Den postmoderne filosofien avviser at det finst ei absolutt sanning. «Det som er sant for deg, treng ikkje vera sant for meg» blir det sagt. Alt er relativt, det finst ingen faste haldepunkt i livet lenger. Vi blir til og med fortalt at vi ikkje kan stola på den fysiske kroppen vår ein gong. Jamvel om kvar celle i kroppen er ei mannecelle og kroppen ser ut som ein mann, så er det ikkje sikkert at du er ein mann likevel, for du kan vera født i feil kropp, blir det hevda.
Det er tid til å snakka sant om livet. Barn og unge blir fora med så mange løgner, både på skulen og i media, at det er på tid å ta til motmæle og forkynna sanninga. Jesus sa då han bad for læresveinane: «Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.» Bibelen er Guds ord og Jesus er Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss. Han var full av nåde og sanning, og han sa: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.»
Sanninga er med andre ord ein levande person: Jesus Kristus. I han finn vi sanninga om Gud og om oss sjølve. Sanninga er at Gud er god og i kjærleik skapte han oss i sitt bilete til mann og kvinne. Alle menneske er høgt elska av Gud, jamvel om vi alle har synda, kjem til kort og manglar Guds herlegdom. Det er ei truverdig sanning at Kristus Jesus kom for å frelsa syndarar. Han kom for å bryta synda si makt og setja oss fri frå det syndige livet ved å døy for oss og gjera ende på djevelens verk. For om vi vedkjenner med munnen vår at Jesus er Herre, og trur i hjartet vårt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal vi bli frelst.