Debatt
NY RAPPORT: Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) mottar ny rapport om vald og valdtekter i Noreg. Her saman med psykolog og seniorforskar ved NKVTS, Maria Teresa Grønning Dale, som er prosjektleiar for undersøkinga.
Hanna Johre / NTB
Seksuell fridom og ansvar
Vi må behandle kvarandre som medmenneske, ikkje seksuelle objekt, og byggje relasjonar med andre menneske utan sexpress.
Som kvinne er eg opprørt og sint, kjenner på ei kjensle av oppgittheit og uro. Rapporten frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKTVS) viser at kvar femte kvinne har blitt valdteken og berre ei av ti vel å melde det til politiet. Få oppsøkjer helsehjelp. Kor langt har vi eigentleg komme i 2023?
Det blir sagt at vi lever i eit av dei mest likestilte landa, men når eg les om opplevingar og situasjonar som valdtekt, seksuell trakassering og overgrep, ser eg at vi har ein lang veg å gå. Vi har ikkje likestilling før kvinner og menn er likestilt med tanke på korleis ein erfarer å både bli sett på og behandla.
Nyleg har denne problemstillinga komme fram gjennom ulike saker frå forsvaret som set dette i same søkjelys. Det er klart at forsvaret har ein stor jobb å gjere for å rydde i eigne rekker. Men problemet startar ikkje her.