| Debatt
Sel Sotheby’s svindel?
AUKSJON: Dei ti bod er til sals på auksjon hos Sotheby's i New York denne veka.
Foto: Skjermdump / Sothebys.com
Det velrenommerte auksjonshuset Sotheby’s i New York tilbyr den 18. desember ei unik steintavle med innskrift. Prisen er 1–2 millionar dollar, men så inneheld denne tavla dei ti bod, visstnok i ei steingammal form frå 300–800 e.Kr. Forskning.no presenterer steinen som ekte vare, men mykje talar imot det.
Steinen er 63 x 56 x 6 cm i kvit marmor, og veg 52 kg. Dei ti bod er gjeve att etter den samaritanske versjonen, og her er det tiande bodet spesielt: «Når Herren din Gud fører deg inn i kanaanearane sitt land, … set då opp nokre store steinar og dekk dei med kalk. Skriv på steinane alle orda i denne lova … set opp steinane på Garisim-fjellet … bygg eit alter der … ofra heiloffer og gled deg framfor Herren din Gud …» Dette tiande bodet er ein av dei største forskjellane på vår tekst og den samaritanske, og eg kunne i november presentera mine synspunkt på det under Society of Biblical Literatures Annual Meeting i San Diego.
I dei mange samaritanske innskriftene med dei ti bod er dette bodet gjeve att i kortform, men innhaldet er klart: Israels Gud skal berre tilbedast på Garisim, samaritanane sitt heilage fjell. Fjellet ligg «vis-a-vis Sikem», altså like ved Nablus. Her har samaritanane gjennom meir enn 2.000 år slakta påskelammet, og dei 800 som lever i dag, det gjer framleis.