For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

BIBELEN: Det kyrkjelege dogmet «Heile Bibelen er Guds ord» kan ikkje unndra seg kritiske prøvingar, skriv Vidar Sætre.

Sirkelargumentasjon om Gud og Bibelen

Publisert Sist oppdatert

Oddvar Høgevoll motsa meg 6/3. For han meiner Bibelen ikkje kan vera i strid med seg sjølv, fordi Gud ikkje er i strid med seg sjølv. Dette fordi han meiner 2 Tim 3,16 og Joh 10,35 provar at alt i Bibelen er Guds ord.

Men 2 Tim 3,16 handlar kun om GT, i lys av vers 15: at dei heilage skriftene som Timoteus hadde kjend frå barndommen av, må vera GT, fordi NT ikkje fanst då Timoteus var barn. Og med å bruka bestemt form; «dei heilage skriftene», gjev vers 15 GT ein eksklusiv posisjon som heilag skriftsamling. NT er altso ikkje Guds ord på lik linja med GT, ifølgje 2 Tim 3,16.

Og ut frå sin kontekst viser også Joh 10,35 kun til GT. Men verken Høgevoll eller andre har dokumentert at «Skrifta» tyder heile Bibelen. Og ingen plass i NT, bortsett frå 2 Pet 3,16, betyr «Skrifta»/«Skriftene», eller «det står skrive», noko anna enn heile eller delar av GT. Men i 2 Pet 3,16 er emnet rett bruk av skrifter, ikkje om Pauli brev og «dei andre skriftene» er Guds ord eller ikkje.

Powered by Labrador CMS