Kommentar
JURIDISK FAKULTET, UIB: Kva oppnår dei med akademisk boikott av Israel?
Andreas Sandberg
Sjølvsentrert aktivisme frå juridisk fakultet ved UiB
Vedtaket frå juridisk fakultet ved UiB om akademisk boikott av Israel fortel mest av alt om forfengelege norske akademikarar.
Såkalla akademisk boikott av Israel breier om seg, og trass vedtaket ved Universitetet i Bergen nyleg om å avvisa boikott av Israel, blir det no ein boikott likevel. Kven trur juridisk fakultet dei hjelper med tysdagens vedtak?
Boikottvedtak
Tysdag skreiv fleire aviser at juridisk fakultet ved UiB, med seks mot fem røyster, vedtok akademisk boikott av Israel på etisk grunnlag. Dei seier opp avtale og samarbeid med Universitetet i Tel Aviv.