| Analyse
Sju år med ein biskop
som har mykje på hjartet
Ho har levert på liberale fanesaker, og for mange er ho personifisieringa av «SV-kyrkja». Men Kari Veiteberg har ingen problem med jomfrufødselen, og ho kan ikkje love at ingen kjem til helvete.
AVTROPPANDE: Kari Veiteberg vil bruke sine siste presteår i Bymisjonen.
Foto: NTB
Når Kari Veiteberg (63) har halde si siste gudsteneste som biskop i Oslo, er det ei hending som har vore varsla uvanleg lenge.
Allereie i 2019 uttaler ho til bladet Vi over 60 at sju år vil vere høveleg lang tid for ei bispegjerning. Ettersom ho byrja i 2017, var det lett å rekne seg fram til at 2024 blei hennar siste år som åndelig hyrde for de 428.309 sjelene som ved sist årsskifte tilhøyrde Oslo bispedømme.
– Sju år er nok. Det er et hellig tall, og det er lenge nok til at man får satt spor etter seg. Jeg har fått gjennomført en del av de visjonene jeg har brakt inn i tjenesten, og jeg har hatt, og vil fremdeles ha, mange gode menneskemøter.