Kommentar

Skal eg bryta opp frå Den norske kyrkja?

Eg treng framleis litt meir tenkjetid, men kanskje 2024 er året for å ta endeleg farvel?

Publisert Sist oppdatert

«Kulturkrigen» er ein podkast av og med Steinar Lofnes og Alf Kåre Dalsbø, pastorar i Jesusfellesskapet i Bergen. Dei leverer i tråd med overskrifta, opptekne som dei er av store spørsmål knytt til teologi, filosofi og ideologi, og dei rustar seg for felttog. Jesus-tru er motstraums, og alle som vil vera med, må rekna på kostnaden.

Å berre segla gjennom tilværet utan motstand, er ikkje normalsituasjonen for ein disippel. Dette opplever eg er eit viktig poeng som dirrar i deira prosjekt.

Eg kunne sikkert brukt ein heil kommentar på det faktum at podkasten blir så aldeles oppskriftsmessig nedlatande kritisert av Vårt Lands kommentator som stemplar dette som «ufint», og ikkje minst synest å ha eit problem med at menn tek ordet. Då er det nemleg «guttajazzing».

La det vera sagt med ein gong: Viss Kulturkrigen er problematisk garderobesnakk, så må tålegrensa i Kristen-Noreg opp eit par knepp. Dette er trass alt kritikk av eit digert statsfinansiert system med toppleiarar som har millionløningar.

Som medlem av dette systemet, er eg blant dei denne kritikken faktisk råkar, men eg lyttar heller til kritikarar som tek bladet frå munnen, enn til mykje anna tilsynelatande respektfullt pjatt som ofte er maktspråk forkledd med eitt av tidas fremste honnørord. Dialog.

La det vera sagt med ein gong: Viss Kulturkrigen er problematisk garderobesnakk, så må tålegrensa opp eit par knepp.

I dei siste episodane vender altså Kulturkrigen våpna mot slike som meg. Dei presiserer rett nok at det er institusjonen Dnk dei siktar mot. Men samtalen viser at dei ikkje har lada med lauskrutt. Det vert snart klart at også vanlege kyrkjemedlemmar har eit problem.

Det faktum at noko endeleg oppgjer med Dnk aldri har kome frå konservativt hald, er interessant i seg sjølv. Eg er sjølv ein del av dette biletet. Eg held på medlemskapen i Dnk av grunnar som berre delvis er klare for meg sjølv.

Dette er eit felt der vi kristne kanskje har noko usnakka, og kanskje ein uvøren podkast-eposode er like bra som noko anna for å opna opp litt?

Situasjonen Lofnes og Dalsbø teiknar av Dnk er ikkje lenger å rekna for teologisk utgliding. Dei ser ei kyrkje som no forkynner eit heilt anna evangelium. Som dei seier: Ein heilt annan Gud og ein heilt annan religion.

Ifølgje Kulturkrigen er ikkje Den norske kyrkja ei kristen kyrkje. Det er avgudsdyrking sett i system. Ved å halda fram med å vera medlem der, set eg institusjonen framfor evangeliet og Jesus. Eg nemnde at dette var tung skyts?

Eg skal ikkje ta ei rein personleg vinkling her. Men som medlem av Dnk, periodevis også aktiv, hamnar eg sjølv verkeleg i klemma i møtet med synspunkta i podkasten. Eg kjem tilbake til det personlege.

Kulturkrigens rungande og unisone «nei» til at det finst håp for Den norske kyrkje, munnar ut i munter latter. Det skal dei to sjølverklærte mørkemennene i alle fall ha, at dei ikkje feller mange tårene for folk som er på veg ned med kyrkjeskipet. Om dei i det heile ber sorg over fortaping og uomvendte syndarar, skjuler dei det godt.

Trass i at representantane for Jesusfelleskapet i Bergen ikkje talar med ein profets tårer, verkar dei drivne av det livsnødvendige behovet for sanning. Dei ber, som fleire av oss, på den draumen om å snakka utan omsveip. Om ikkje alltid å vera styrt av kva som er «strategisk». Eg gir gjerne honnør for slikt.

Men ein ting eg saknar i kritikken, er ei realitetsorientering også vedrørande situasjonen i det låg- og frikyrkjelege landskapet. For oss som ikkje først og fremst har vår bakgrunn i slike miljø, verkar det tydeleg at også desse er sårbare for det formidable kravet om konformitet og tilpassing til tidsånda. Men på andre punkt og på andre måtar enn Dnk.

Og kor viktig er forresten kyrkemedlemskap for frelsa? Sjølv har eg vore nokså pragmatisk i dette spørsmålet. Eg oppfattar at Den norske kyrka er i ein aldeles ulukkeleg situasjon, om dagen. Ho framstår som eit ekko av situasjonen i israelsfolket, slik det er skildra i Kongebøkene. «Ein kvar gjorde som han sjølv fann for godt». Det er ei svært alvorleg situasjon å vera i.

Men er det ikkje først og fremst manglande leiarskap som er Dnk sitt mest akutte problem? Bibelen, sakramenta og liturgien vitnar i alle gudstenester om kyrkja sin eigentlege herre.

For tida står det nokre leiarar og strukturar i vegen og skuggar for evangeliet. Men den kontinuiteten som skrift og vedkjenning, liturgi og salmar kvar einaste søndag forkynner, har samla sett kanskje meir breidde enn eit møte som satsar svært mykje på at dagens talar er inspirert?

Som «brent barn» i Dnk, skal eg ikkje legga skjul på at eg kontinuerleg har medlemsskapen min oppe til vurdering. Eg ventar ikkje på nokon «drope som får begeret til å renna over», det punktet er forlengst passert, om eit slikt fanst.

Men la meg også her vera litt personleg. For ikkje så frykteleg lenge sidan sto eg midt i ein debatt som truleg nokre av Dagens lesarar fekk med seg. Det handla om underordning. Eg angrar ikkje på den debatten. Han hadde sine krevjande stunder, men det har stort sett berre følgt interessante samtalar og velsigning i kjølvatnet.

Debatten vart likevel også ei solid realitetsorientering. Viljen til å leva radikalt og annleis er ikkje alltid så frykteleg utbreidd blant mine vener i fri- og lågkyrkjeleg samanheng heller. Det spørst kva ein pirkar borti.

Når vi byrjar å snakka om andre ting, slik vi kanskje gjorde litt av i debatten om underordning, merka eg fort at landskapet utanfor Dnk også er fullt av skiljelinjer som slett ikkje er så lette å forstå seg på.

Analysen til Lofsnes og Dalsbø har nødvendig glød, men løysinga finst neppe i valet om å stå i eller utanfor Dnk. Det er fort gjort å overdriva kva strukturane våre betyr. Gud må først og fremst kalla oss til omvending der vi er, stilla oss på val som enkeltmenneske, gi oss å elska kristne sysken, og gi oss å vedkjenna og sørgja over synd, både vår eiga og andres.

Då bryt Guds rike fram over alt og vi høyrer ekkoet frå Han som stadig skapar noko nytt, let det spira fram gjennom menneskehjarte som vender seg om, og som let det drønna gjennom historia til alle som har øyrer å høyra med: «Merkar de det ikkje?»

Kommentaren er første del i ein følgjetong som vil dukka opp med ujamne mellomrom våren 2024 som har til mål å snakka ope om det det å vera konservativ og kontinuerleg opposisjonell Dnk-medlem.

Powered by Labrador CMS