For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

SANT ELLER USANT: Ingen har (...) kommentert påstanden om at jødane snart skal få det endå verre enn holocaust, skriv Johannes Morken. Her frå holocaustminnesmerket i Berlin.

Skal jødane få det verre enn holocaust?

Skal verkeleg det jødiske folket i endetida gjennom ein trengsel verre enn holocaust? Ja, ifølgje ein oppskakande kronikk i Dagen.

Publisert Sist oppdatert

Negative haldningar til jødar har gledeleg nok gått ned dei siste ti åra. Men fordommar mot jødane har halde stand. Det viser den nyaste undersøkinga frå HL-senteret (desember 2022).

Ein av desse fordommane er at jødane sjølve har skulda for at dei blir forfølgde. 8 prosent støttar påstanden, fortel undersøkinga. Finst ein del av desse i visse krinsar av «Kristen-Noreg»? Det inntrykket er det lett å lesa seg til på debattsidene i Dagen.

Ei kristen utgåve av den nemnde fordommen er at jødane blir forfølgde fordi dei avviste Jesus. YouTube- og TikTok-predikanten Levi Jensen beklaga nyleg at han fekk seg til å seia at «Jødedommen var de som drepte Jesus». Han forstod i ettertid at denne påstanden er blitt brukt antisemittisk – som påskot for å forfølgja jødane gjennom 2000 år.

Powered by Labrador CMS