Debatt
GODE RAMMER: Dersom KrF vågar å stå på sine tidlegare kristne verdiar, må ein rekna med motbør og hets, skriv Bjarne Gjerme.
Trond Reidar Teigen / NTB
Skal KrF verta utradert?
KrF som landsdekkjande parti er i krise, og står i fare for å verta heilt utradert. Viktigaste grunnen er etter mitt syn at ein sviktar i fleire av verdispørsmåla som er grunnlaget for KrF sin eksistens.
Verdien av born i mors liv kan ikkje devaluerast. Det er avgjerande viktig at det finst eit politisk parti i Noreg som rakrygga står opp for dei aller minste og mest sårbare. Og er det reell grunn til å tru at det er til gagn for KrF om ein gjev etter og godtek noverande abortlov?
Dei siste åra har ein ny teori og ideologi fossa fram. Måten denne går fram på minner om ein ideologi som voks fram på 1930-talet i Tyskland. Det er marsjering med banner, slagord og parolar, og nesten ingen kan våga å protestera. Meiningar skal einsrettast. Fantasi om «kjønnsmangfald» vert obligatorisk fakta.