For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

5 uker - 5 kroner Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

KJØP

Debatt

NYNORSK: Skal nynorskelevane få BlimE? spør Peder Lofnes Hauge. Bilde er frå BlimE-dansen under NRKs haustlansering.

Skal nynorskelevane få BlimE?

Publisert Sist oppdatert

NRK har nyleg lansert den nye BlimE!-kampanjen. Sidan 2010 har BlimE! vore venekampanjen til NRK Super, og BlimE!-songane med tilhøyrande dans har årleg engasjert hundretusenvis av born i heile Noreg. Når får vi ein versjon på nynorsk?

BlimE!-kampanjen har nådd ut til born i skular og barnehagar med ein viktig bodskap: Det er bra å vere vener, å inkludere andre og vere forskjellige saman. I tråd med dette har NRK gjort ein førebiletleg jobb med stadig å inkludere fleire grupper i kampanjen – alt ifrå born som sit i rullestol, til brukarar av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) og ulike språkgrupper.

Det er flott at NRK sidan 2020 har laga ei samisk utgåve av BlimE!-songen og på teiknspråk sidan 2017. På same vis er det spanande at BlimE!-kampanjen i 2022 vart spreidd til andre europeiske land, og med det på andre europeiske språk.

Powered by Labrador CMS